Fraa Femdagsstrien ved Drammen.

[Del 3 av 3. Første delen]
 
(Slutning).
 
Næste Dagen var alt paa ei onnor Gjerd; eg veit ikkje, korleis dæ var, anten me skulde gaa yver te Fienden, hell at alt skulde liksom vera fraa nytt, me var ein Brigade mot den andre no.
           
Me marsera fyst alt te utmed Vikje eit Stykkje, der laag me ei Stund heile Herstyrkjen. Kongen var au med og saag um oss, so snudde me um og tok te med Kanonom med dæ same, me kom fram i Skogkanten; dei hadde Leie sitt beint upp Sletti, so sume av oss laut krøkje utanum berre skogleies i ein Sprengmars yver Myr og Søyle te Knes, yver Bergknattar og gjenom Skogholt, so me tapa burt reint Officerane, men me kom daa saman att sia. Daa me hadde legi ei Stund burti Skogen, sette me Bajnettane paa og braut fram yver ein Skigar, den rauk som ingen Ting, og sume vart liggande under og sume yver; hu dæ er speleg, naar ein hev Bajnetten paa, ein skamsting seg snart. Sia lærde me betre. me klauv fyrr, no sette me berre eine Foten frampaa Skigaren, alle Mann, so laag han nede med dæ sama, og me kunde marsere tryggt yver.
           
Der sto der eit Kompani bakum ein Sta, og me kom heile Horgjen runsand imot, men dei sto like roleg, te me var tett innpaa, daa fyst gjore dei heilt um Mars og drog seg makleg utyver Bakken, medan me sende dei 30-40 Skot kvar Mann so hadde me havt skarpt, saag eg no dæ, at dei maatte loti bruka Føtene, skulde dei ikkje bli skotne i Fillur,
           
No var Strien slut og aalmenneleg Fre. Me tenkte daa, me skulde faa te mona paa Heimvegen med dæ sama, men me laut nok attende te Grisebøle vaart. Dæ var fin Eng sjaaande te, daa me kom, men no var me ikkje gilde daa me skulde slaa oss ned der paa nytt. Der hadde komi noko Regn, so at Jore var bløytt upp og rota upp, Glasbrotlaag all Sta og Velling av Stomp og Flesk, Erter og Gryn, Hestlort og Mannalort gjeng ein seg i burtmed all Sta, og ein Tev er dæ, som ikkje er go. Ja me fekk bergje oss, so gott me kunde me Kvister og Bar, i allfall so me fekk lagt yver verste Søyledikje der me skulde liggje: Drikkevatne var stygt daa me kom, men no vart dæ endaa værre. Dæ var gult av Naturen, men naar so sume vaska seg og some drakk um kvarandre, var dæ ikkje lystugt aa sjaa.
           
Næste Dag tenkte me daa, dæ laut bera iveg tileg, me hadde langt heim. Nei daa skulde dæ vera Mønstring for Kongen, den kunde ikkje forsømast. Me sto uppstellte alt Fotfolkje, som var der i ein Firkant, paa Timevis trur eg, og venta, ti han skulde bli ferug; han uvita Bakmannen min, tok eit Stig tebake, kasta Byrsa fraa seg og datt attende. Endeleg kom Kongen og andre høge Herrar med honom, takka oss for Troskab og Fædrelandskjærlighed og sagde han var fornøgd med oss. Dæ vart bori fram Hurra for honom, men endaa me var væl tesagde um detta, var dæ daarleg Roping, Storhopen var dæ, dæ eg tottest sjaa, som ikkje vyrde dæ noko større.
           
Endeleg bar dæ avsta, me strauk med eit lett Hjarta. Men hadde der ikkje vori so snart Slut, so trur eg so nær, Sinne hadde teki oss, naar me saag Kapteinen velter yver Ende Vasbyttune, som dei ber fram te Vegen. For Augom aat ein Hermann, som hev havt i seg Søyle kvar Dag, glittrar eit Glas reint Vatten som dæ var Gull.
           
Me naadde Drammen um Kvelden og laag paa nokre Jore midt i Byen. Dei var endaa snildare mot oss Drammensfolkje, den Rosen skal dei hava, straadde yver oss med Blomar, so dæ var ei Syn, hadde Saftvatten aat oss og heile Korgar med Ber, so kvar Mann greip nedi og tok seg ein Neve, berre han gjekk framum; og dæ va myki Folk som kom for aa sjaa paa oss og Stelle vaart.     
           
I Drammen steig me paa Træne, daa var Marsen te Ende.
           
Dæ var sagt Eksisturen skulde berre vara ti Dagar iaar, for oss vart dæ no lell fulle fjortan.
           
Um daa denne Femdagsstrien var te so stor ein Nytte, veit ikkje eg. Dæ skulde vera underleg, slepp dei ut med dei Pengar, dei hadde aa staake med. Naar dæ tek te koma Reikningar den eine berre etter den andre, for øylagde Jorstykkje, for nedbrotne Skigarar, for Veger gjenom Aakrane og alt slikt, trur eg dæ skal bli drjuge Summar te Slut. Og so alle dei Kronune, som Herfolkje hev loti betalt umfram av sit eige for aa halde seg med Mat og Drykk nokorleis, dæ er sandeleg ikkje Smaatt, som er burtkasta med dæ hell.                       
 
Hermann.