Bondestudentar.

[Del 15 av 18. Første delen]
 
Av Arne Garborg.
 
(Framhald.)
 
- Der var komet meir Uro i Folk no; Mengdi var paa Føterne, og der var eit jamt Drag ut og inn Dørerne. Fleire av dei unge var alt so langt komne, at dei sjanglad, - some fordi dei var fulle, andre kanskje mest, fordi dei skapte seg fulle, daa dei meinte det høyrde til. Millom dei, som drog att og fram, saag Daniel mange Bondestudentar; - underlegt nok; ein kunde mest sjaa det paa dei.
           
Litt attum seg totte Daniel han høyrde eit Mæle, som han kjende; han snudde seg og saag; det var Magister bibendi. Han stod og talad med den same Tosken, som Haugum hadde talat med for eit Bil sidan, og Tosken spurde, um Magister hadde voret rædd, daa han skulde upp og tala. Jagu va jæ rædd! svarad Magister. Daniel vart sitjande reint einstird -: Fyren hadde Mod til aa segja, at han hadde voret rædd!
           
Ein ny Mann paa Talarstolen. Han talad for dei gamle. Det var ein Mann med godt Mæle og med mange Ord, som klingad godt; men Daniel totte han fekk so lite Meining i det han sagde. Det var ein vanleg Skaaltale, - store Ord yver tome Tankar, som Blomar paa ei Likkista.
           
Endaa ein ny! Men det var ein sovoren Kar, at Daniel aldri hadde tenkt han skulde faa sjaa slikt Syn i eit idealt Studenterlag. Som han kom hivande upp paa Talarstolen, slurveleg og slengjen, skjeiv i alle sine Rørslur, med eit langt, skakkt Bondeandlit og skygge Augo under framskotne, myrke Bryn, visste Daniel ikkje kva han skulde likna han med, og dersom dette gjekk godt, so gjekk alting godt, tenkte Daniel. Men for denne underlege Mannen gav Salen seg til aa klappa og ropa Hurra, og gjennem Dunderet høyrde Daniel tydeleg ei gnell Røyst, som ropad: Leve Dølen!
           
So dette var Dølen!
           
Daniel kjende seg i Grunnen litt rar, der han sat, litt tankeslørd, litt tung yver Augo . . . men no vart han livande att med ein Gong, flaug upp, kjende seg litt lett i Føterne kanskje, men arbeidde seg fram mot Talarstolen, so snøggt han kunde. Han vilde sjaa og høyra denne norske Villmannen, som der gjekk so mykje Snakk um, og som skreiv so flirande og ravgalet paa sitt ravgalne Maal.
           
Nokso stillt og godslegt, men med rare, blinksande Augnakast, tok Dølen til aa fortelja, at det var forunderlegt i Grunnen, at tvo-tri hundrad Gutar i Tjugeaarsalderen kunde sitja saman ein heil Kveld og drikka Puns og hava det hyggjelegt, og so ikkje halda so mykje som ein Tale eingong for det, som unge Gutar jamt var so galne etter, nemleg Kvinna (Hurra! Hurra! Jubel!). Daniel kjende ein liten heit Styng i Brystet og tenkte paa Inga; men Berta Maria vilde og fram, og det var i Grunnen so leidt aa visa henne ifraa seg. Men, sagde Dølen, og vart sterkare i Maalet, naar dei unge Ungkararne ikkje gjorde si Plikt, so fekk dei gamle taka i; for Gud hjelpe oss alle, um Kvinna vart oss ublid! Og so vilde no han freista paa aa ofra eit litet Røykoffer for den strenge, men likevæl so inderleg snilde Gudinna, elder Gydja, som det heitte paa Norsk, og det vilde han gjera for oss alle her, liksom dei katolske Prestarne drakk for alle sine Sokneborns Synder, og daa vonad han, at ingen av alle desse Gutarne her skulde koma ut for annat enn godt og blidt ifraa Kvinna. Dei sagde nok, at ho var den veike, og Mannen den sterke; og det stod tilmed skrivet, at Kvinna var eit skrøpelegt Kar; men Skam far i det! - ho var sterkare enn nokon visste, det Trollet, og mang ein sterk Mann hadde ho bøygt og brotet med sin vesle Finger, liksom Huldri i Folkesegni braut Hesteskoen i tvo Bitar som ingen Ting, berre med sine nakne mjuke Hender.
           
Heile Salen fylgde hans Ord med Samtykkje og Laatt og lystige Tilrop. For alt det han sagde, kom so morosamt; -Daniel fann ei Moro berre i det, at denne gamle Styggingen, halvt Bonde og halvt Satyr, skudle tala for Kvinna.
           
Og han lagde i Veg, paa sin sereigne Maate, halvt skalkutt, men aalvorlegt likevæl; han meinte visst so nokonlunde det han sagde, kor rart det kunde høyrast ut; men daa han væl ikkje altid var stød paa, um han meinte det plent so, som det var sagt, so kom han gjerna med ein Sleng paa det tilslutt, som minnte Folk um Dølens Tvisyn. Men stundom kom han med Ting, som var so forunderleg mjuke og fagre, at ein reint gløymde Dølen og berre saag Diktaren.
           
Kvinna var Fred, sagde han, - endaa dei gifte Mennerne tidt paastod nokot annat. Ho var Fred, fordi ho var Gagnet; ho saag paa det nyttige, paa Maten til seg og Borni, og var difor paa sitt arme Liv for, at Mannen skulde koma ut i Ufred elder Strid paa nokon Kant og kanskje gjera seg ufør. Difor maatte alle Aandsmenn, alle, som vilde strida og ofra seg for ein Tanke elder ei Sak, - dei maatte vera Sveinkallar liksom han, so at ingen brydde seg um, anten dei flaut elder sokk; for daa var det ikkje vandare i det.
           
Dermed vilde han ikkje ynskja nokot so styggt, som at alle desse fagre unge Gutarne her skulde verta Sveinkallar; for det vilde vera Synd baade for dei og for den arme Kvinna, som nok altfor gjerna vilde verta gift, stakkar, endaa ho jamt gjekk og gjorde seg kostbar og slog paa Nakken, so lengje ho ikkje var yver 30 Aar. For Kvinna var Kjærleik; ho var skapt til aa gifta seg; og slik som ho no vart upplærd, so dugde ho ikkje til annat helder, og lite til det med. Mannfolki elskad nok, dei og; det fekk me Svein-kallar kjenna, som altid elskad og ikkje fekk; men det var paa ein annan Maate, det; det var som Rovfuglen med Skinn og Bein og Sinar og Segar og krokutte Nebb og Klo. Men Kvinna elskad som ho var skapt til: lik Bylgja, som trillar paa det kolblaae Hav i sitt avrunne og uendelege Mynster for all Vænleik.
           
- Ja, gift dykk, Gutar! men gift dykk med Vit, og fljug ikkje stad og tak dykk ei Kona, fyrr de kann føda henne; for daa gjeng det galet, som me jamt ser. For Kvinna vil med all sin Elskhug hava Mat, og det hev ho Rett i.
           
Han sagde mange Ting um Elskhug og Mat, som Daniel totte var upoetiske, ja raae. Men kvar Gong han skulde til aa forarga seg yver dette, kom det ein Sleng i Talen, som gjorde, at han maatte læ. Og han lo og klappad, som alle dei andre.
           
Talen sluttad med eit Par Vers um, at Kvinna med alt annat Godt ogso var fager, og det var det beste ved henne. Og det viste seg, at Dølen no hadde gløymt det han fyrr sagde um, at Tankens Menn burde vera Sveinkallar; for Enden vart, at Tankens Mann just burde hava den fagraste Gjenta. Og so vilde han drikka ei Skaal for Kvinna; og den Skaali vilde han serlegt drikka med alle dei her i Laget, som hadde ein Kjærast, so sannt som daa Kjærasten og Kjærleiken var nokot tess; - Russen jublad til dette og drakk; Dølen dukkad ned av Talarstolen. So skeivlad han burtetter til eit Bord, der han hadde sin Plass med Kammeratarne sine.
           
Dit burtetter søkte Daniel og; han vilde høyra meir av denne folkelege Vismannen og Skalden.
           
Og Dølen var i Drøselag, no som all Tid, og væl so det. Uppglødd og glad av Talen og Samtykket tok han seg berre ein Slurk Puns og gav seg so til aa preika paa nytt Lag, for Kammeratarne sine og kven som vilde høyra.
           
- Ja, den Kvinna og den Maten! tok han i. Men det kom seg av, at Kvinna hadde mindre Daning enn me; for visste ho litt meir, so vilde ho forstaa, at det var ikkje sannt med den Maten; for det var ikkje sannt; han hadde mang ein Gong livt sine beste Stunder dei Dagarne, naar han ikkje hadde fenget Middagsmat. Dette Matstrævet og denne Maten tyngde ned heile Livet vaart; ja var det ikkje denne Matmagti og dette Guanokratiet, som me no maatte slaast med i sjølve Politikken? Alt gjekk um Maten, og den var den beste Mannen, som kunde skaffa mest Guano. Heile Embættsverket vart meir og meir slikt eit Guanobruk, der dei ikkje lenger spurde um Aand og Tanke, men um aa tena godt, og gjera Pengar utav Kunnskapen sin, liksom Per Degn gjorde Mynt av den Latinen, som han ikkje kunde eit Guds Ord av. Det var fælt med denne Kræmaraand og denne Handel og Næringsdrift, der Tanke og annat stort og godt skulde vera. Sjølve Studiet vart berre eit Handverk; det galdt aa koma i Veg. Herregud, - liva maatte me; men det var daa fælt aa høyra Studentar og Vitenskapsmenn tala um all denne Maten. Dei brydde seg F- um Folk og Land; dei tok sitt Yrkje som ein annan Handel, og trudde, at dei ikkje hadde meir med Folket aa gjera enn andre Pantelaanarar; istadenfor aa vera Folkets førande Menn, klyppte dei Navlestrengen av millom Folket og seg, stengde seg inne paa sine Kontor og vart Byraakrati. Og so kom heile Rikslivet inn i den same Aandløysa. Det var denne utvortes Nytten, som kann takast paa med Nævarne, desse materielle Fremskridt med Jarnvegjer og Nautemøte, denne Lastedrægtigheit, som ein Skipper kallad vaart sanne nasjonale, - kort, alt dette engelske Væsen med Kjøtmaskinar og Undervurdering av det ideelle. Dei hadde gløymt, at baade Mannen og Samfundet var meir enn Dyr og trong annat aa liva paa enn den svoltne Maten. Det gjekk so vidt, at dei ikkje lenger likad framifraa gode Hovud i Riksverket, desse Helvetes Genier gjorde berre Ugagn. Det var Treskemannen, dei vilde hava i Høgsætet; og Treskemannen var god nok til sitt Bruk, og skulde hava baade Løn og Takk til; men Stormann kunde han ikkje vera, og skulde han styra Folk og Land, so kunde ein banna tryggt paa, at Skuta gjekk i Aakeren.
           
No lagde ein av Dølens Kammeratar seg inn i Samtalen Daniel likad hellest ikkje dei Kararne; dei saag so høgvise og aandsaristokratiske ut -: Aa ja, sagde Mannen; men dei turkar no meir og meir inn, desse gamle ægte Byraakratar. Ein skjer ikkje strafflaust Navlestrengen av millom seg og Folket. Ein kann sjaa det utanpaa dei, kor dei turkar. Desse lange, spede Kropparne, og desse kvasse, turre Andlit, dei høyrer ikkje livskraftige Folk til. Det er som dei var i Spikje. Nei; daa er der annan Merg i desse breidvaksne, kjakesterke Bondegutarne . . .                  
 
( Meir.)