[Saart hev Novemberfolket strævat for aa vinna Akershus.]

Dei heldt eit Møte paa Lillestrømmen fyre Vali og sagde til kvarandre: me kann ikkje vinna.
           
Daa dei paa den Maaten hadde gjort det dei kunde til aa halda Vinstre i Ro, - so gav dei seg til aa arbeida.
           
Dei arbeidde sjølve, og dei hadde Hjelp. Lækprestar, leigde Sakførarar og Skulegutar sende dei ut; Fædrelandet skreiv Upprop og heldt Bøner; Olai Haneborg gjorde Myrmenn i Mengd; Departementet steig ned av sin høge Kontorkrakk og hjelpte til med aa faa Vinstre-Myrmennerne avviste; Prestarne - fylgde Departementet, avviste Vinstre-Myrmennerne, godtok Høgre-Myrmennerne, tok imot fargade Røystesetlar fraa Høgre og gjorde alt det dei kunde til Hjelp for den gode Sak. -
           
- Der vart skræmt med Kongen, med Sverig, med Rusland, med Krig, Hunger, Borkebraud, Vantru og alt det, som vondt var. Og naar det ikkje nyttad med Mennerne, so prøvde dei aa skræma Vitet av Kvinnfolki; - for naar Kjeringarne slær seg galne, so skal me hava Takk.
           
- Men Enden paa Visa vart, at Novembermennerne tapte. Det gjekk, som dei sjølve hadde spaatt: dei kunde ikkje vinna.
           
Maatte dei draga Lærdom av dette! Maatte dei endeleg eingong koma til aa forstaa, at det aa føra Krig mot ei fast, klaar Folkemeining, det er, og det vil alltider vera ei vonlaus Sak.