[Notisar]

Kristiania, den 8de Septbr.
                       
Norsk Skyttertidende.Alle, som likar Skyttarsaki og hev Samhug med Folkevæpningstanken, bør leggja Merke til den Lysingi, som fylgjer Fedrah. i Dag som Tillegg: Lysingi um Norsk Skyttertidende. Skyttar- og Folkevæpningssaki er so vigtig og hev vakset seg so stor, at ho bør hava eit serskilt Blad, og den Mannen, som skal styra Bladet, Hr. Løytnant Dietrichson, er den beste, ein kunde faa til det Yrket.
 
           
Naar Høgremennerne taper, trøyster dei kvarandre so godt dei kann og segjer: ja-ja, det var daa godt me vann so langt! Me fekk ikkje Fleirtal, men eit Faatal fekk me likevæl, so me stend daa ikkje reint aaleine!
           
Det ser ut til dei sjølve undrast paa, at nokon kann halda Lag med eit Parti som deira. I aalvorlege Stunder kjenner dei visst sjølve, at dei hev svært litet aa bjoda paa.
 
 
Valmannsvali.I Raumariks-Fylket er det valte 38 Vinstre-Valmenner og 24 Høgremenner. I Borgesysla 36 el. 37 Vinstre og 15 el. 16 Høgre. Det er no visst aa rekna at Vinstre vil sigra i alle dei Val, som vert haldne i Midten av denne Maanaden, so det um aatte Dagar vil faa 59 Tingmenner, medan Høgre daa ikkje vil hava meir enn 3.