[Bergens By...]

Bergens By vil ikkje lenger vera med paa aa halda uppe det Selmerske Kamp-Styret. Bergens By vil hava Fred i Landet og eit jamt, landsgagnlegt Samarbeid millom Statsmagterne, men ikkje denne endelause, syrgjelege Striden, som vert meir og meir meinsam, di lenger han varer.
           
Difor hev Bergens By med stort Yvertal (1266 mot 585) valt Vinstremenn.
           
Bergen er den største og rikaste Byen næst Kristiania. I aalmenn Daning og i Forretningsdugleik og Tiltak stend han yver Kristiania. Difor kom han daa og fyrst. Men at den Byen sender frilyndte Menn til Things, det veg so tungt, at Novembermennerne no skjer Tenner offentleg av Sinne yver Valet i Bergen.
           
Dei gode norske Menn i Bergen hev gjort ein god Gjerning; og det, dei hev gjort, det hev dei gjort tilgagns. Bergensaren er ein Mann, som forstend aa slaa eit Slag. Det er ikkje som her inn i Kristiania, der Folk gjeng og fomlar og fomlar og ikkje kann samla seg, og ikkje veit kva dei vil, og so læt Kristian Friele med sien Partementslarsar og Pensjonistar draga av Garde med heile Grisen Gong etter Gong.