"Brödrafolkens väl" 1).

(Umskrivet etter Tidning for alla, 26de August.)
 
Kvat meinar ein Konge i vaare Dagar med Brödrafolkens väl elder Ve? Skal daa denne mannamilde Tale-maaten ikkje vera nokot annat enn ei Umskrivning av Kongens eigi Meining um hans Magt og Husbondskap og den Retten, Grunnloven gjev han, og um absolut Veto? Ja det er visst, etter den vidgjetne Trontala i det norske Stortinget og Skaaltala no sist 10de August til dei norske Offiserarne, kunde me hava Hug paa aa herma dei namngjetne Ordi av Doktor Faust, daa han skulde skyna paa Mefistofeles: Detta var altso Kjernen i Pudelen!
           
* * *
           
Fraa Sande i Norig vart det skrivet til det norske Bladet Aftenposten Torsdagen den 10de August:
           
Etter den forvitnelege og heite Striden um Høgderne ved Sande Kyrkja kom Offiserarne av baade Herarne ihop um Kvelden til ein glimrande Fest fyr H. M. Kongen. Dei hadde Fest paa Plassen utanfyr der H. M. Kongen budde paa Revaa og tok til Kl. ½ 7 um Eftanen. Dagen hadde i mange Maatar voret strid fyr dei, som slost, og ikkje minst i Matvegen. Sume Bataljonar, som Natti fyreaat hadde Vakttenest og tidleg um Morgonen sette ut fraa Holmestrand, hadde soleids, sagde dei, fenget Vatn og Braud og snaudt nok det.
           
Nokre Minutter etter ½ 7 kom H. M. Kongen til Festen, med Staben sin, og der var Sjefen fyr Armedepartementet Statsraad Munthe, med fleire svenske Offiserar og ein fransk Militærattaché Kaptein Appert og ein engelsk Oberst Primerose. Prins Karl kom strakst etter dei hadde teket paa med Middagen.
           
Daa dei aat Attpaabiten, sagde Sttsraad Munthe ei Skaal fyr H. M. Kongen. H. M. Kongen takkad fyr Skaali, som dei hadde drukket med Gledelaat, og sagde: Jeg takker alle og enhver for den Nidkjærhed, de har vist i disse Dage, og hvorom jeg aldrig har tvilet. Jeg har herpaa faaet en for mig kjær Bekræftelse, og jeg stoler paa, at mine Herrer og de, hvorover I fører Kommandoen, med Fædrelandskjærlighed og Pligttroskab ville følge mig. Jeg stoler paa Deres Hengivenhed mod mig, og Deres Pligt under alle Tider og alle Omstændigheder. I sikker Forventning herom hæver jeg mit Glas til et Velgaaende for den norske Arme.
           
Kvat meinar han no med desse Ordi: under alle Tider og alle Omstændigheder?
           
Den Magtstriden, som Kongen hev sett i Gang mot Stortinget, at han negtar Samtykkje til Logi um, at Statsraadarne kann faa vera med i Raadleggjingi i Tinget, og det Spursmaalet som hermed kom upp um Kongens absolute Veto i Norig, - og no sist denne Tala hans i Sande, hev gjort, at den norske Vinstreflokken no er fullstød paa 2) , at dei held paa og lagar til eit Statskupp (&dvs; sprengja Stortinget og gjeva ein ny Grunnlov).
           
Men kann dei setja eit Statskupp i Verk med norske Soldatar?
           
Er den norske Heren ikkje annat enn beintfram ein Reidskap i Kongens Hand? og hev Heren ikkje Skyldnad mot andre enn Kongen? hev ikkje Heren svoret at han skal vera tru mot Konstitutionen, Fedralandet og Logerne, liksom mot Kongen, sidan no høgstsame er so djerv, at han segjer seg stød paa, at dei norske Soldatarne til alle Tider og under alle Omstændigheder skal fylgja honom og ingen annan enn honom?
           
Etter desse tillitsfulle Ordi til Offiserarne i den norske Heren, ser detut til, at han anten ikkje kjenner elder ikkje bryr seg um § 85 i den norske Grunnloven, som lyder soleids: Den der adlyder en Befaling, hvis Hensigt er at forstyrre Storthingets Frihed og Sikkerhed, gjør sig derved skyldig i Forræderie mod Fædrenelandet. Den som truer Storthinget, nogen af dets Afdelinger, den norske Regjering, Interimsregjeringen, Rigsretten eller Høiesteret med Vold i saadan Hensigt, som forud er nævnt, straffes med Strafarbeide i fjerde Grad.
           
Det hev allstødt voret eit Hugdrag hjaa Nordmennerne, at dei hev elskat Fedralandet og gjort sin Skyldnad. Det er soleids ikkje rimelegt, at den norske Heren skal gjera seg skyldig i Lands-Svik mot Konstitutionen og Tingmennerne.
           
Med norske Soldatar kann dei soleids ikkje setja eit Statskupp i Verk.
           
I Oplandenes Avis, som kjem ut paa Hamar, nemnest det Ord av Kongen, som skulde gaa ut paa, at dei ikkje kann rugga han i hans Tru, og at um han ikkje kunne driva den fram i Norig, so maatte og skulde Sverige hjelpa han.
           
Men i Trondhjem hev, etter det som stend i dei norske Bladi, den svenske Statsministeren Hs. Ex. Grev Posse beintfram sagt til fleire av dei beste Tingmennerne, kvat han sjølv meinar og det veit me visst kvat heile det svenske Folket meinar: at det Ordet, som dei hev sett ut um svensk Innblanding var grunnfalskt, - at det aldri, kvat som hender, kann verta Tale um ei slik Innblanding. Följaktigen är konungens i Hamar uttalade hotfulla ord endast att betrakta som ett tomt skryt med en makt, som han icke eger 3) ; for kvar den, som kjenner den svenske Grunnloven, veit, at Kong Oskar i Sverige likso litet som i Norig eit nokot personlegt Regimente.
           
Av det, som her er sagt, kann ein sjaa, at Kong Oskar II endaa ikkje hev kunnat setja seg inn i den verkelege Stillingi, som den konstitutionelle Kongen skal hava, men det kunde henda han fekk upp Augurne, soframt han skulde hava den Tanken aa stella til eit Statskupp i Norig med svenske Soldatar; for annarleids forstend det svenske Folket: bödra-folkens väl.
 
 
1) Me tek inn dette til Prøve paa, kor fritt dei kann tala og skriva i Sverig. I Norig - -
 
2) Hm -; det norske Vinstre veit nok, at med det Kuppet vert det ingenting av.      
Bladst.
 
3) Desse Ordi fær helst staa paa Svensk.