Retting.

I f. No. stod det fleire Stykkje um Professor Aubert; det var eit Mistak; det skulde vera Redaktør Aubert.
           
Det kunde no i Grunnen vera ytt som bytt. Det einaste var, at Professoren hadde væl ikkje paa so stutt Rom gjevet Fedrh. fullt so mykje Emne til Gjøn, som Redaktøren gjorde.
           
Men no kokar Fædrelandet ei heil Velling paa denne stakkars magre Pylsepinnen. Og so prøver det aa snakka norskt; det er det verste.
           
Redaktør Aubert hadde sagt:
           
Eller er det at true Friheden og vor frie Forfatning, at Kongemagten vil være med, som den ene af to, at værne om denne samme Forfatning, og ikke skydes for Glug, naar det gjælder Forandringer i den? Og hvad andet betyder Kongens Sanksjonsret i Grunnlovssager.
           
Til det sagde Fedrh.:
           
Naar Kongen vil hava absolut Veto til Grunnloven, sagde A., so er det berre fordi H. M. hev slik ein Hug til aa faa Lov aa vera med paa aa umgjera Grunnloven! Han vil ikkje gjera nokot Bry; han vil berre faa Lov til aa vera med! 1)
           
Dette kallar Fædrel. Vriing, og trur, at det daa snakkar godt Norsk.
           
- Haldt deg til Dansken din, du, Fædreland!
 
 
1) Elder me kunde brukt det andre Ordlaget: han vil ikkje verta skoten for Glugg. Naar det gjeld Forandringar i Grunnloven, so vil Kongen berre ikkje verta skoten for Glugg, d. e.: han vil berre faa Lov til aa vera med; og hvad andet betyder -? osfr.