Brev til "Fedraheimen".

[Del 1 av 3]
 
5te Juli.
           
Gode Fedraheim.
           
Eg set berre Datum yver Brevet; det ver vel ikkje verdt aa setja Namn og Bustad, no, me liver under eit Kamp-Ministerium, Gud betre, for eg ser baade den eine og andre ryk i no um Dagen, naar han etter gamal norsk Skikk segjer si Meining. Sommerfeldt, Gløersen, Hægstad, Sørensen, Hjelmstad, Løberg, Gud trøyste dei; berre Bjørnson og Bruun og slike Stor-Kulturar gjeng fri, for slike tore dei ikkje nappa, men Smaafolk er det ikkje greidt fyr:
 
            Under Felden tungt dei tenkjer,
            Tagnad er paa Folket komet.
 
           
For so gjeng det, fær ein ikkje tala, tenkjer ein so mykje meir. Slærdet ikkje ut, slær det inn og legg seg paa Hjartat, men det er Von um, at det, som legg seg paa Hjartat aat eit heilt Folk, skal eingong slaa ut i ei stor Gjerning. Naar den Dagen kjem, trengst det, at kvar Mann gjer sin Skyldnad, men endaa ei Stund er det vel best, at ein ikkje vaagar seg so langt, at ein vert ufør, naar Stor-Slaget skal staa. Eg tarv baade Henderne, der eg eig heime, og Norig vil rettno trenga kvar einaste Mann, som kann bruka anten Arm elder Tanke, skal me tru Bakstrævar-Bladi her og i Sverige.
           
Helst lyt nok Maalmennerne agta seg. Det er stygt aa vita, kor ille det hev glisnat i Maalmanns-Flokken. Son hans Tormod Knutsson, som Vinje hadde so god Tru til, sloknad tidleg Dags. Henrik Krohn strævad trottigt, men so rakk han ikkje lenger og tærdest burt. Vinje var komen under Gauketre og hadde so nær fenget det sutlaust, men so vaagad ikkje Stortinget seg til aa hjelpa, Vinje fekk Sorg og lagde seg fyre paa Bondebygdi og gjekk eismal til Kvila ei fager Sumarnatt. Klæbu fekk Tæring og gjekk med. Hjelmset hadde nettupp rustad seg til Strid og synt, at han baade kunne og vilde; so fekk han Lungesott og strauk med. Halvor Lie kvad ein Gong, liksom Svana, og dermed dukakd han under. Fjørtoft vart forfylgd og svivyrd, fekk sistpaa Lungesott og strauk med. Ein stor Flokk av dei beste Mennerne fylgde han til Gravi, men den Æra kom ein Maanad for seint. Per Bø vart teken fraa oss i beste Manndoms-Alderen. Eberg gav ein fager liten Blome, fekk Lungesott og døydde. Fleire gode Menner hev faret til Amerika, ein av dei fyr eit Brot, som truleg ein annan hev gjort; han var for rein og skuldlaus til aa greida seg ut or ein Floke, som andre lokkad han upp i til aa fri seg sjølve. Med Arne Garborg gjekk det i Stortinget som med Vinje. Eg hev den Voni, at Garborg ikkje vil unna vaare Fiendar den Gleda aa tærast burt liksom Vinje, men at han vil liva endaa i mange Aar til Gleda fyr oss og til Forargelse fyr hine.
           
Me lyt spara oss nokon kvar no, me hev so faa aa missa. Det er so litet Mun i, um Færden og Heuch fylgjer Garborg elder ein annan av oss til Gravi og kallar han fyr ein ærleg Motstandar og gaaverik Stridsmann fyr det, som han heldt fyr Rett og Sanning. Mykje betre er det aa liva, tola Spott og Haan ei Stund og arbeida til me vinn. Kannhenda hev me daa so mange Vener, at det ikkje trengst um ein kongeleg Fullmegtig til aa tala um oss somafdøde ubekjendte ved Festen til Fædrenes Minde. Me kunne vel endaa liva, til den Dagen kjem, daa ein Ven kann segja oss Farvæl so vidt, at ikkje Dørerne til Valhall skal renna etter Hælom paa oss.
           
Det er heitt no um Dagarne. Der er komen slik Øl i Vedret; sume segjer, det kjem seg av di, at Kongsmagti hev brennt Skipi sine. Dagen etter Kongen kveikte Eld paa Skipi sine, bar det til aa brenna i Kjøsteruds og Breiens Dampsag, og sidan hev det voret so steikande heitt, so Folk glyttar paa Døri, rett som det er. Det vert vel Slutt paa den grøvste Vermen til Hausten, naar det lid ut i September, og det skal vera Val.
           
Men kvat skal so Kongen sigla med no paa Fridomens huskande Hav? Sjøen er laust Fotspenne, segjer dei, men Selmer hev vel tenkt paa det. Er Selmer likso god Sjømann, som han er Statsmann, veit han vel Raad. Men aa sigla paa eit Morgenblad, det gjeng (segjer Rektor Ott) godt, men ikkje lenge.                 
 
Meir.