[Meraker-Jarnvegen...]

Meraker-Jarnvegen er no opna. Kongen og mange med honom gjorde ei Lystferd fraa Botnhavet til Trondheimsfjorden no um Laurdagen. Der var stor Stas, kann du veta, mest i gamle Nidaros. Og Bakstrævar-Flokken gjer det han kann til aa faa blinde Augo paa Kongen.
 
Der gik en Ildning gjennem Norges Folk,
Da Du, vor Konge, nys paa Tinge talte,
Da Du blev varme Hjerters stærke Tolk,
Dit Maal og vort os klart for Øie malte.
 
Derfor, o Drot! staar Du saa folkekjær
I Ringen af de høie, gamle Minder,
Det Ord Dig stilte Folkets Hjerte nær,
Nu ved vi, hvor vi rette Fører finder.

Du, Konge sendte os det Bud,
Som samled Dine Rækker under Mærket,
Nu kommer de og holder ud,
Til Seirens Glæde kroner Værket.
 
So song F. C. Dons, som nyleg fraa Stiftsprovst i Trums vart Bakstrævar-Redaktør i Nidaros. Ordi hans skulde smuglast inn paa Songarlagi i Byen, det var dei som skulde helsa Kongen med desse Hædings-Ordi mot Folket sitt. Men Haandverkararne og Arbeidararne og mange andre sagde nei, dei vilde ikkje syngja slikt, og so maatte dei fara rundt aa faa Tak paa andre Folk til det Arbeidet. Songen vort sungen, men klent gjekk det.
           
Idag kom Kongen her til Byen.