[Med Veto-Guden gjeng det meir og meir til atters.]

Med Veto-Gudengjeng det meir og meir til atters. Fyrst var han ophøiet over Tvil. So kom dei litt i Tvil likevæl og gjekk til Fakultetet; og Fakultetet forsvarad Veto-Guden so godt, at Livius Smitt umvende seg og vart Byfut i Brevik. Men endaa var der litegrand Tvil. Og der vart skrivet og ylt og bleset i Taakelur og sendt Professorar og Sakførarar ikring for aa berga Guden; tilslutt slog Selmer i Bordet noch einmal og sagde, at det var ei urokkelig Overbevisning! at der var ein Veto-Gud; - men ingen Ting hjelpte; Tvilen sat i like godt, som ein Makk i eit Eple, og vilde ikkje døy. Og no vedgjeng endeleg Mgbl., at Vetoet i Grundlovssager er en gammel Stridsgjenstand, om hvilken der er talt og skrevet og har været forskjellige Meninger saagodtsom ligefra Konstitutionen blev til(altso ikkje berre fraa 1880); og det einaste, som kann segjast for visst no, meine Mgbl., det er, - ikkje at Vetoet er absolut, men at Vetoet er absolut nødvendigt. Takk skal Di ha! paa den Maaten kjem der nok ikkje nokot Veto inn i Grunnloven!
           
Ein Innsendar i Mgbl. hev likefram sagt, at etter Grunnlovens Ord er Vetoet i Grunnlovssaker berre suspensivt. Det gjeng til atters med Veto-Guden!
           
Berre dei reint umyndige, slike som Budstikka, Fædrel. og andre, ligg enno og masar um, at det absolute Veto stend i Grunnloven.