[Kongedømmet og Unionen...]

Kongedømmet og Unionen ere de fornemste Betingelser for vor Tilværelse som selvstændig Stat, segjer Mgbl.
           
- Naar det eine Taarnet paa Domkyrkja i Stavanger dett ned, elder naarden gamle Eiki, som stend utanfor Døri hans Simon Støylen vert nedhoggd, so skal Verdi forgangast, - segjer Spaa-kjeringarne.
           
Verdi kann ikkje staa, dersom det Taarnet elder den Eiki dett ned, og Norig kan ikkje vera til, dersom Kongedømet fell, elder dersom Folket sjølv skulde forsvara sitt Land, - meiner Mgbl.
           
- Tenkjemaaten kjenner me. Nordmennerne skal venjast av med aa lita paa seg sjølve. Dei skal slaa all si Lit til andre; for daa vert dei slike hyggjelege Kjeringar alle ihop, og daa kann dei veto-køyrast so lengje det skal vera. Leve Usseldomen! Me er stolte av aa stydja oss til ein annan Nasjon, sagde Arendølerne.
           
- Morgenbladet er eit fint Blad. Hadde slikt vortet sagt i 1814, so hadde den, som sagde det, vortet skoten.