[Ingen maa lesa...]

Ingen maa lesa Ferdinand Lasalle, en kritisk Fremstilling af Dr. G. Brandes, lyser Fædrelandet no ut ¨yver Landet.
           
Nei fri oss, Hr. Pave! Ingen skal lese Ferdinand Lassalle. Skulde norske Menn lesa Ferdinand Lassalle? Ferdinand Lassalle, framstellt og kritiserad av Dr. Georg Brandes? Fri oss, Hr. Pave, fri oss!
           
Desutan veit me, at Du sjølv, Hr. Pave, aldrig hev leset Ferdinand Lassalle. Og daa hev Du naturligvis so mykje større Rett til aa fordøma Boki.
           
Fedraheimen, den arme Syndaren, maa med Sorg vedkjennast og tilstaa, at han hevleset Ferdinand Lasalle, so han kann ikkje etterliva Fædrelandets Lysing. Og det som verre er: han fakk Boki god. Men no ser han naturlegvis, at dette var galet, og at ingen her i Landet bør tenkja paa Arbeidarspursmaal elder slikt, elder grunda paa, kva her kann vera aa gjera for at dei, som lid vondt i Samfundet, kann faa det betre. Skulde kristne Menn tenkja paa slikt? Fri oss, Hr. Pave! Fri oss fraa Europien!
           
- Men naar Fædrl. undrast paa, um det ikkje kanskje er Dr. Brandes sjølv, som hev rost Boki si i V. G., so vil me dertil segja, at dersom Redaktøren av Fædrl. skreiv ei Bok, so kann det henda at han vart nøydd til til aa gjera det paa den Maaten, liksom han no ligg og naudtiggar sine Venner um aa skaffa han Tingarar til Bladet hans, elder lyser ut, at den, som kann skaffa han mange Tingarar, skal faa Premie; - men Dr. Brandes, som no er umsett i alle evropæiske Tungemaal og er kjend og namngjeten alle Stader, der det finst Kultur (altso ikkje i det norske Høgre), - han hev ikkje Naud paa aa bruka den Skikken, og ikkje hev han brukt honom helder.