Bondestudentar.

[Del 8 av 18. Første delen]
 
Av Arne Garborg.
 
(Framhald.)
           
Daniel fekk ikkje Friplass paa Skulen næste Aar, daa han ikkje kunde skaffa Attest for aa vera fatik. Men paa Skulen kom han likevæl; Gamlingen tenkte der var ikkje annat fyre. Og kor ille Daniel likad seg paa Skulen, so var det daa altid likare i Byen enn heime paa Sørbraut. Ja sjølve Gamlingen vart ein annan, naar han kom til Byen. Det var som han yngdest upp att her inne, totte Daniel. Han kunde sjaa so raud og frisk ut, og hava slik ein Glans i Augo, at ein skulde ikkje kjenna Mannen att. Sjølve Hans Nerstad vart glad, naar han saag Ole Johannes saa livleg; han nikkad til Daniel og smaalo.
           
Men ein Gong ut paa Hausten det var ein regnsur og kald Dag seint i Oktober totte Daniel, at Gamlingen var kvatare mest enn rimelegt kunde vera. Og Glansen i Augo var so tett, at det liksom vart til ei Dimma. Daniel forstod seg ikkje paa dette; men han likad det ikkje. Ut mot Kvelden skulde Ole Johannes reisa, og daa var han bleikare att og meir tagall; men det underlege Laget fylgde han enno. Og som han sat i den nye Bykjerra si og snakkad nokre Vælfar-Ord med Hans Nerstad, saag Daniel, at Augo hans var hengjande og matte som paa ein drukken Mann. Men Hans Nerstad blinkad til Daniel og smaalo. Daa seig det ei Tyngd, ei vond, verkjande Tyngd, yver Guten. Han gjekk upp paa Romet sitt og visste ikkje kor han skulde gjera av seg. Han berre saag Far sin, som han sat der nede og glodde med dei stive Augo, og det verkte so vondt i Bringa hans. Kunde Vaarherre tillata slikt? Kunde han lata Far hans koma uppi dette? Far hans hadde daa altid voret ein skikkeleg Mann og haldet seg til Boki. Ja, so nær som i seinare Tid! Ja, men likevæl. Nei, nei. Nokot so fælt kunde ikkje henda. Han sagde det til Vaarherre og, at det maatte ikkje henda! Han fekk ein brennande, saar Hug til aa graata, men han fekk det ikkje til. Han sette seg borttil Glaset og der sat han med Haand under Kinn og stirde ut i Lufti, lengje, lengje.
           
So kom Lias ein god Dag køyrande til Byen i den nye Bykjerra og skulde henta Doktaren. Daniel skulde og vera med heim. Det stod smaatt til med Ole Johannes. Han var komen heim fraa Byen reint skamfrosen; hadde nok somnat paa Lasset og i Ørska køyrt ein galen Veg, so han ikkje kom heim fyr langt ut paa Morgonen; og daa maatte dei bera han inn. Han var drivande gjenomvaat og reint stiv. Og no laag han der med ein brennande Bringeverk, og so avklard, at Daniel vilde ikkje kjenna han att. Ikkje samlad han helder lenger. Han berre laag og rasad, tøvde um Bispar og Prestar og um mangt og mykje, som der korkje var Ev elder Stev i. Der var nok ikkje annat aa tenkja paa enn Enden. For Daniel var dette so fælt, at han tagnad reint burt. Han fylgde med heim, men var so tung og hugsjuk, som han skulde til si eigi Likferd. No var alt slutt. Og at det skulde koma so braadt, og so syrgjelegt! Doktoren sagde det var Lungebrand. Dei skulde ha hentat han fyrr; no var her ingenting aa gjera. Han skriv upp nokot Medisin, murrad og reiste. Maren gjekk ut og inn og greet, og var so reint burte, at det mest var Judith, som maatte stella den sjuke. Daniel torde knapt vera inne. Det var so fælt aa sjaa paa Far sin som han der laag, vonlaus, hjelpelaus, med ville Augo, med hole, skjegg-grodde Kjakar, og med ein saar, riktande Pust; men endaa fælare var det aa høyra paa hans øre Snakk um Sonen, som skulde verta Bisp. Maren spurde Daniel med graatande Taarer, um Ole Johannes hadde voret . . . um han hadde fengje nokot . . . meir enn han tolde . . . der inn i Byen; Daniel vart bleik, men sagde Nei. Aa Gudskjelov for det daa! greet Maren; Daniel forstod ikkje, at ho kunde graata so saart for det. Den raude Kapellanen kom ender og Gong og vilde tala med den sjuke um hans Sjælesak; men det nyttad ikkje. Han kunde nok vekkja han for eit lite Bil; men strakst etter var han burti Ørska att. Og i den Ørska døydde han. -
           
Der stod Daniel. Det viste seg no, at Ole Johannes i dei seinste Aari hadde sett seg i større Skuld enn nokon visste. Det meste skyldte han hjaa Jens Bakke. Men der var Smaagjeld baade her og der, i Byen og i Bygdi. Garden var so skuldsett som han med godo kunde vera. Skulde dei klara det, maatte dei sjaa aa koma til Lags med Jens Bakke. Denne viste seg ikkje urimeleg. Han vilde berre hava Daniel til aa skriva under paa, at han skulde betala Gjelden halv tredie hundrad Dalar so snart han fekk Embætte elder fast Post, og so skulde Maren og Elias gaa god for Daniel og sjølve staa for Pengarne, um han døydde elder vart helselaus; og endeleg skulde dei betala 5 Procent Rentur um Aaret, til dess Pengarne var greidde. Daniel skreiv strakst under. Det kunde ikkje skilja honom nokot, det, og so vart der daa ein Ende paa desse ufysne Forhandlingarne. Til Lagverja tok Maren gamle Tarald Ruste, som fyrr hadde voret Lensmann, og det vart avgjort, at ho skulde verta sitjande i uskift Bu.
           
Der var ingen løynd Rikdom aa finna, ingen nedgraven Skatt, ingen Pengehop paa Kistebotnen. Kunde Maren og Lias med Stræv og Sparing fikta seg igjenom, so vilde det vera mest meir enn ventande.
           
Til Daniel var der ingenting. Han hadde dessutan inkje nokot aa segja; han hadde fengje sitt fyrr, og væl so det.
           
Dei sagde han fekk prøva aa koma inn paa ei Kraambud. Han svarad ha og ja. Kva skulde han paa ei Kraambud?
           
Han gjekk som i ei tung, tung Ørska. Det var ute med alt. Og verst var det aa tenkja paa Inga.
           
Inga, Inga. Kva tenkte ho no? Han torde ikkje visa seg i Kyrkja i denne Tidi. Men kvar Sundag, naar Folk gjekk fraa Kyrkja, sat Daniel paa ein Stein attum ein stor Runne ovanfor Vegen og glytte ned etter Inga.
           
Det kunde ikkje gaa slik! Her maatte koma Hjelp. Hadde Vaarherre hjelpt so langt, so maatte han hjelpa lenger!
           
Han gjekk under, dersom han ikkje naadde fram. Kunde Vaarherre tillata, at ei Sjæl gjekk under?
           
Der var mange rike Folk i Byen. Der var Folk, som kostad burt Tusund paa Tusund berre til Stas og Moro. Det stod just i Bladet, at Grosserar Helle hadde kjøpt seg ein Lystkuttar for 800 Dalar. 800 Dalar til ein Lystbaat! Med dei 800 Dalarne, elder berre med Helvti, kunde han voret bergad!
           
Elder Jeremias . . . Han foor og flakkad i den vide Verdi, og ingen visste, kor han var. Kanskje var han i Amerika . . . Gifte seg med ei rik Dame, vart Eigar av ein Million. Kom heim, greidde heile Bundten . . .
           
Elder den, som kunde faa fat i Bergkongen. Elder i Nissen, elder i ein Dverg, elder i nokot annat slikt . . . Der var Rikdomar nok i Jord og Haug, den som berre visste aa finna dei. At ikkje den gamle Dagfinn Sørbraut likso godt kunde ha funnet ein Klump Gull! Der var mange, som hadde funnet Gull i gamle Haugar.
           
- Tarald Ruste! Han skulde vera ein vælhalden Mann. Enn um ein snakkad væl med honom?
           
-Aa nei. Han var ein Moldtræl som dei andre. Han var endaa til Jaabækianar. Det nyttad nok ikkje aa koma der. Han brydde seg visst ikkje meir um Aand enn um sine gamle Treskor.
           
- Men Jaabækianaren Tarald Ruste hadde tenkt litt paa den unge Studenten. Det var ille, at dei Pengarne skulde vera reint burtkastad, totte Tarald, og dessutan skulde Guten vera flink. Det vilde visst og vera godt, um me kunde faa fleire Embættsmenn av Bondestanden. Dei, me no hadde, var so framandslege, og kjendde so litet til Livet hjaa den simple Mann, at det var plent som dei skulde vera ein annan Nasjon. Bondegutarne derimot, dei visste, kva Folket hadde aa staa i.
           
Han hadde snakkat litt med Daniel og totte han saag ut til aa vera ein snild Gut. Han kom innum att ein Gong sidan og snakkad meir med Daniel. Denne totte ikkje, at han, som Skulegut, kunde hava Meiningar mot ein Mann som gamle Lensmannen, og dei kom daa svært godt til Lags. Berre naar Tarald kom innpaa um Jaabæk og Sparetanken, og um at Embættsmennerne hadde det so altfor feitt, daa totte ikkje Daniel, at han kunde vera heilt med. Men han vilde ikkje segja imot helder, og so greidde han seg fraa det med, at han hadde havt for annsamt paa Skulen til aa kunna fylgja med i alt slikt. Men daa han saag, at Tarald Ruste ikkje var fornøgd med dette, lagde han snøgt til, at det naturlegvis var ein god Ting aa spara. Ja det lærer du nok aa forstaa! meinte Tarald.
           
Etter dette hadde Daniel litt Von likevæl um Lensmann Ruste.
           
Og Lensmann Ruste hadde Von um Daniel. Han gjekk og undrast paa, kven han skulde faa med seg paa aa hjelpa denne Guten fram. I Bygdi var der ingen, som aatte Pengar, utan Presten; men det var ingen, som gjekk til Presten etter Pengehjelp. Derimot kjendde han eit Par Menn i Byen, som ein kanskje kunde prøva. Grosserar Helle var ein bra Mann i visse Maatar, endaa han ikkje heldt med Jaabæk; - der var dei som tvilad paa, um Grosserar Helle var so rik som han staakad til; men det tvilad ikkje Tarald paa. Og so gamle Finsen. Han hadde hjelpt ein slik Gut fyrr han; rigtignok var det ein, som vilde paa Missjonsskulen; men kanskje gjekk han med her og. Tarald Ruste køyrde tilslutt til Byen og talad med desse Mennerne. Og det gjekk godt. Grosserar Helle sagde Ja paa fyrste Ordet. Finsen var seigare; for han hadde lovat Vaarherre, sagde han, at han vilde bruka alt det, han kunde avsjaa, til Sulu-Missjonen. Men tilslutt gav han seg. Kanskje Vaarherre kunde bøygja Hjartat hjaa denne Bondeguten slik, at han og vart Missjonær eingong. Ein fekk setja alt i Herrens Haand; hans Vegjer var ikkje vaare Vegjer. Og so vart daa desse tri Mennerne, Jaabækianaren, Grosseraren og Sulumissjonisten samstellte um, at dei skulde hjelpa Daniel Sørbraut fram til Student-Eksamen. Tilslutt foreslog Helle, at dei skulde senda Guten til Kristiania, paa Fabrikken, for aa faa han ferdig i ein Fart; det var baade billegare og betre, sagde han, og so hadde Jonas Didriksen paa Neset gjort med sin Son, han Peter. Dette gjekk dei andre daa tilslutt med paa.
           
- So kom Tarald Ruste ein Kveld køyrande til Sørbraut, kry som ein Konge og glad som Smør i Sol, fordi ham hadde gjort dette store Verket, og fordi han kunde koma til Gards med slikt eit Fagnad-Bod. Og vælkomen vart han. Heile Huset kom aa Ende; Daniel lo, Maren kokad Kaffi, Judith gjekk og stellte um Lensmannen som um ein gamall Bestefar, og sjølve Lias smilte og gneid seg i Henderne. Maren likad ikkje alt so godt det siste um, at Daniel skulde til Kristiania; men det gjekk ikkje an aa setja seg paa Bakføterne no. Ho berre spurde seg fyre, um det ikkjevilde vera vaaglegt aa senda so ung ein Gut der inn; ho hadde høyrt der skulde vera so mange stygge Folk, Frimaurar og Fritenkjarar og . . . Aa langtifraa! sagde Tarald Ruste. Dei sendde yngre Gutar enn Daniel der inn, og dessutan so var det berre nokot Tøv, det, at Frimaurarne slagtad Folk og sendde dei til Tyrkriet. Det var skikkelege kristne Folk i Kristiania liksom her. Latinarar var dei, og Embættsvenner, og hellest nokot stort Svinepakk i mange Maatar; men det kom ikkje Daniel ved. Han klarad seg nok. Dermed maatte Maren lata seg lita.
           
Daniel skulde reisa til Hausten att. Han hadde ikkje Fred heime lenger; han lengtad til Kristiania. Der inne var det, at han skulde finna det store og ædle og fagre paa Jordi; og Byen bygde seg upp i hans Hugsyn som ein Skog av kvite Taarn, lysande som Marmor upp gjenom ein solfyllt Dal. Han var stød paa, at so snart han kom dit, vilde han koma inn i nokot vidunderlegt, poetiskt, stort, nokot med Gull og Glans og fagre Møyar som i dei gamle Romanarne; men mot Inga Holm vilde han alle Dagar vera trufast.
           
- Maren og Lias fyglde han til Byen og heilt paa Bryggja. Maren var so rædd ho skulde ha gløymt aa senda med han nokot Ting, som han kundehava Bruk for, og ho spurde han fleire Gonger, um han ikkje meinte han kunde turva endaa eit Nøsta med graatt Ullgarn. Men Daniel meinte han hadde Ullgarn nok; han var berre so rædd han skulde koma for seint paa Eimbaaten. So snart denne hadde lagt til Bryggja, krabbad han seg umbord, og han sagde Farvel til Mor si og Bror sin med Hjartat bankande av uroleg Gleda.
           
Det ringde tridje Gongen; baaten sette i med eit forskræmelegt Yl og tok til aa arbeida seg ut fraa Bryggja. Farvæl! Farvæl! høyrde ein paa alle kantar, og kvite Lummedukar tok til aa slaa i Lufti som mange smaa Vengjer. Men der var ingen, som veiftad etter Daniel. Gamle Maren hadde ikkje nokon kvit Duk aa veifta med. Ho hadde berre ein liten ein av raudrosutt Bomullsty; men den hadde ho gløymt etter heime. Ho stod ut i den eine Kanten av Bryggja, langt burte fraa dei fine, og beit i Plaggsnippen og saag etter vesle Daniel med raude, jammerfulle Augo. Det var so vondt aa tenkja paa, at han skulde so langt burt. Ho vilde ikkje graata, so framande Folk saag paa det; men Graaten var ikkje god aa døyva. Han fyllte Bringa som ein saar, varm Flaum, og fram vilde han paa alle Slags Vis og Maatar. Han skar seg heit og brennande fram i Augo, og vreid seg bitterleg um den magre Munnen. Men daa Baaten hadde lagt heilt ut fraa Bryggja, og ho saag vesle Daniel staa aaleine der paa Framdekket millom alle desse Framande, som saag so myrke og likesæle ut, daa snudde ho seg burt, bøygde Hovudet ned i Henderne og greet, so det skok i dei gamle slitne Akslerne.
 
[ Meir]