[Vaarherre...]

Vaarherreer og komen paa Novembersia no, meiner Budstikka. For Grunnen til, at han synest vilja gjeva oss eit godt Aar i Aar, kann ikkje vera nokon annan enn den, meinar Budstikka, at han Vaarherre vil stydja og hjelpa Selmers Ministerium.
           
- Ja tru det.
           
Tru Vaarherre i Grunnen er so svært glad i Selmers Ministerium? At han hev Bruk for det paa einkvar Maaten, det maa me tru; for Vaarherre kann bruka alle Slags Folk, og han brukar dei lidt til Framhjelp av det, som dei sjølve av all Magt arbeider imot. Men at han skulde vera gladi dette uppturkade, aandlause, atterut-signe Byraakratiet, som ikkje hev annat aa hjelpa seg med enn Budstikke-Snakk, Taakelurar og Politikk paa Preikestolen, - det fær ingen oss til aa tru.
           
Vaarherre er i Framgangen. Bakstrævet kann han bruka, fordi det stundom er Framgangen til Hjelp; - for det er med Folk som med Grisen, at vil ein ha dei fram, maa ein stundom draga dei i Bakfoten -; men vart Vaarherre Bakstrævar, so er me rædd for, at det snart gjekk galet med Verdi.          
           
- Lat Vaarherre vera i Fred, gode Vetomenn! Kann de tikkje vera ille nok, at de hev fengje Kongen inn-dregjen i den politiske Striden?
           
Men um det gode Aaret vil me segja, at gjev me maatte faa eit Krunaar. Landet kann nok trengja til det. Dessverre ser det ymist ut. Skal dette Regnet halda paa, so gjeng det visst galet for mange.