[Truntalen...]

Truntalen, sagde Professor Aubert paa Vaalemøtet, - Truntalen vilde berre minna Folk um det, at der er ei Kongemagt i Landet.
           
Aa, det turvte ho ikkje minna um. Det er ingen, som hev gløymt det; det er ikkje so lengje imillom kvar Sanksjonsnegting!
 
           
DersomKyrkjeministeren kom til Professor Aubert og talad til han som so:
           
Høgvyrde Hr. Professor! De hev som Universitetslærar gjort mykje godt; men De hev gjort mykje, som er galet og. De hev stundom forsømt det De skulde gjera, for aa kunna med Fantestykkje og Lovbrot vrida til Dykk det, som De etter Loven ikkje tilkjem. Eg vonar, at De vil snu um fraa desse vonde Vegjer, og hellest er eg Dykk med all departemental Yndest og Naade vel bevaagen;
           
dersomKyrkjeministeren kom til Professor Aubert og talad so, og Professoren med seg sjølv visste, at han ikkjehadde gjort nokot galet, men tvertimot hadde av all si Magt arbeidt paa aa fylgja Lov og Instruks, - vilde so Hr. Professoren taka denne Skrapa for god, og bøygja seg mjukt og segja, at den var vel ikke saa uberettiget?
           
Aa nei. Professor Aubert vilde gjera eit Himmels Braak for aa faa denne
Straffepreika tilbakevist; for han vilde kjenna med seg, at skulde den gjelda, so hadde han misst mykje av sin Vyrdnad baade som Professor og som Mann.
           
Ja; so vilde Professor Aubert gjera, og so vilde kvar ærekjær Mann gjera, endaa um so Skrapa kom fraa ein lovleg Overmann.
           
Men Norigs Rikes Storthing, - det skal finna seg i kvasomhelst. Det skal bøygja seg og bukka, naar ein Minister kjem og gjer seg vigtig og skuldar det for aa ha forsømt si Pligt og prøvt paa aa brjota Landsens Lov! Storthinget skal bøygja seg og bukka, og Folket, som hev valt Storthinget, det skal og bøygja seg og bukka, og kyssa Ministeren paa Foten og segja: det var vel ikke saa uberettiget!
           
Jau so men.
           
Og det skal Nasjonalforsamlingi gjera, just naar ho veit med seg sjølv, at ho med Strid og Stræv av beste Magt hev forsvarat Landsens Lov; og ho skal taka imot slikt Skjend av ei Regjering, som for det fyrste ikkje hev nokon Ting med aa vera Tuktemeistar yver Folkerepræsentasjonen, og som for det andre sjølvetter Thingets Meining hev faret berre so ymist fram med Landsloven! -
           
Aa nei, Hr. Professor. Slik gjeng det ikkje til, korkje i Verdi elder i Norig. Og godt og væl er det; for eit Folk, som hadde so lite Æra i Livet, vilde nok ikkje duga stort til aa vera fritt helder.
 
 
Skulde vi være Nordmænd og ikke elske Friheden!sagde Aubert.
           
Vi er jo alle fra Barn vante til at være stolte, taknemlige og glade over vort Lands Frihed. Vi har læst paa Historiens Blade om vore Fædres Kjærlighed til Friheden og Fosterjorden, deres frie Odelsgrund, om deres Kampe for Friheden og om Frihedens Velsignelse for vort Land. Vi har færdets i vor herlige frie, friske Natur ved Fossens brus, ved Havbølgens Skvulp og i Høifjeldets friske strygende Vind. Vi har glædet os i Folket i Norges Dale, over dets Gjestfrihed, Venlighed og Frisind. Vi har følt os saa sikre og trygge under deres Tag og følt, at vi var i Frihedens Land. Skulde vi saa ikke elske Friheden! Vi har alle fra Barn af været stolte af den frie norske Bonde, den frieste Bonde i Verden. Vi har fra Barn af været stolte af vor frie norske Sømand, der seiler til de fjerneste Have under vort frie, vakre Flag. Og fra Barn af har vi 17de Mai feiret Frihedens Fest i Glæde og Jubel saa det har strømmet varmt som rislende Begeistring gjennem Hjerterne. Vi har hørt Talerne ved Kroghstøtten, paa Eidsvoldspladsen, paa Slotspladsen eller andetsteds. Vi har gaaet i Tog under straalende, rødmende, flyvende Frihedsflag. Vi har glædet os over vort Storting, som Folkets levende Billede, som Frihedens bedste Værn og Fæste. Vi har beundret Henrik Wergeland og elsket ham for hans Frihedsbegeistring og Frihedssang. Og Friheden har vi nydt og følt, - den har været som den Livsluft, vi har indaandet i fulde Drag. Vi har glædet os over, at vi var i et Land, hvor man frit tør tænke og frit tør tale, i Ly af lovbunden Friheds trygge Værn. Skulde vi saa ikke elske Friheden, og skulde vi saa ikke ville værne om den, naar den trues! -
           
Aa, so sannt, so sannt! Berre dei no vilde liva etter det, som me so tidt hev ynskt og sagt!
           
- Men den, som vil liva etter desse Auberts Ord, han maa velja paa Menn, som vil halda fast paa Grunloven, slik som denne no er, og som ikkjevil innføra:
           
Grunnlovsveto;
Bevilgningsveto;
Andsvarslause Ministrar;
Røysterettsinnkniping;
Overhus.
 
 
Ei ny Forklaring.Naar Kongen vil hava absolut Veto til Grunnloven, sagde Aubert, so er det berre fordi Hs. Maj. hev slik ein Hug til aa faa Lov aa vera medpaa aa umgjera Grunnloven! Han vil ikkje gjera nokot Bry; han vil berre faa Lov til aa vera med!
           
Ja det var ei ny Forklaring.
           
Men var det ikkje so daa, at Vetoet skulde vera so svært godt til aa staggaalle Grunnlovsumstøypingar? Me trur plent, me hev høyrt nokot slikt -?
           
Og dersom Regjeringi so endeleg vil faa Lov til aa vera med paa Grunnlovsforandringar, - kann ho daa ikkje gjera det paa den Maaten, at ho gjeng inn i Thinget og er med i Forhandlingarne?Tru ho ikkje vann meir med aa vera med paa den Maaten? Dørerne stend opne, Herrar Ministrar, if You please!
           
- Elder kva meiner De um det, Hr. Professor?