[Notisar]

Kristiania, den 21de Juli.
 
Folket kann ikkje vera suverænt, skriv Mannen i Mgbl., mill. a. fordi det er ein so liten Del av Folket, som hev Røysterett.
           
Ja-ha. Slik skal ein greida det! Naar Storthinget utvidar Røysteretten, so segjer Regjeringi Nei; for paa den Maaten vilde me faa for mange Røysterettsmenn. Naar derimot nokon minner um, at det norske Folket er Herre i sitt Hus, so svarar dei likeins Nei; - Folket kannikkje vera Herre i sitt Hus, fordi det berre er ein Del av Folket, som hev Røysterett. -
           
So lengje ikkje heile Folket fær denne Retten, so er det altso Selmer-Kierulf, som raader yver Landet. Men naar fær daa Folket sin fulle Husbonds- og Borgarrett? Aldri. Selmer-Kierulf fær absolut Veto i Grunnlovssaker, so sannt berre det u-suveræne Folket sender mange Novembermenn til Things. Og naar Selmer og Kjerulf hev fengje det absolute Veto, so kann dei halda Folket umyndigt elder usuverænt so lengje dei sjølve synest.
           
- Send mange Novembermenn til Things, gode, stolte Nordmenn!
 
           
Det politiske Livet, som no hev vaknat rundt um i Landet, liknad Professor Aubert med den svarte Dauden.
           
Men so fortalde han daa og sjølv, at han hadde sin Visdom fraa ein Landstryger.
 
 
Bernhard Kjekstad, Mannen med Næsekongerne, fortalde visst eingong, at Novemberlaget attaat sitt politiske Stræv skulde arbeida for eit betre Jordbruk, for Upplysning um Jordbruket. Hadde Novemberlaget gjort det, so hadde det gjort nokot til Gagns. Men dessverre - det hev nok gjengje heilt upp i Politikk.
           
Og likevæl kunde Upplysning um Jordbruket visst trengjast hardt. Gjeng ein uppgjenom Novemberbygderne her ikring Kristiania, so vil ein mang ein Gong verta baade sorgfull og skamfull av aa sjaa, kor daarlegt Jordi vert stellt, og kor styggt det stend, baade Eng og Aaker.
           
Det er greidt, at Novemberkaksarne likar betre aa fara og flakka og gjera Politikk enn aa arbeida med Gardarne sine. Og so maa Husmenn og Leigefolk stella Garden, og so gjeng det som det gjeng. Me kann ikkje tru annat, enn at mang ein Novemberkakse vert Fant paa den Politikken sin um han ikkje var Fant fyrr.
 
 
Der er hul Grund under 9de Juni-Verket, segjer Fædrelandet.
Jaso? Hev Grunnloven vortet hul no?
 
           
Det er Novemberkultarne, som vil verja Fridomen, og det er dei liberale, som vil innføra Einveldet, segjer Høgre-bladi. Og dei hev Rett paa sin Maate.
           
For med Fridom meiner dei Einvelde, og med Einvelde meiner dei det, som hellest i Verdi heiter Fridom: at Folket hev Rett til aa styra seg sjølv.
           
Ein maa altid hugsa dette, naar ein les i eit Høgreblad, at dei brukar slike Ord reint bakvendt. For dei veit, at skal dei vinna, so maa dei fyrst faa Folk til aa tru, at det, dei vil, er Fridomen.
 
           
Eit fælt Staakgjorde Høgrebladi, daa Sverdrup,som i dei dager var sjukleg, paa fullt lovleg Maate leet Varapræsidenten forretta for seg under Truntalen.
           
Men daa Prof. Aschehoug, imot loven, og imot si eigi Fortolkning av Loven, negtad aa vera med aa velja Jurymenn, - daa tagde Høgrebladi.
           
Ja der var dei, som prøvde aa forsvara Aschehoug.
           
- Dei er so moralske, so.
 
          
Naar Kongeni eit konstitusjonelt Land segjer: Eg meiner det og det, og det gjeng eg aldri ifraa! so finn dei grunnlovtrue Høgrebladi, at der ikkje er nokot aa segja paa det. Tvertimot, det er godt og mannslegt og i alle Maatar som det skal vera.
           
Men naar Folket samlar seg og segjer: Me meiner det og det, og den Meiningi er lovleg, og difor held me fast paa den Meiningi vaar! so segjer dei fridomselskande Høgrebladi, at det er revolusjonært.
           
Naar Kongen hev sagt si (!) Meining, so skal Folket leggja seg paa Kne og segja Ja, Papa! Det er Høgre-Fridomen.
 
 
Vi arbeide!O. J. Høyem vart ifjor uppsagd fraa sin Post som Setelkontrollør ved Banken i Throndhjem, og Grunnen til det skulde vera den, at Banken no hadde prentat upp so mange Pengesetlar, at det ikkje turvtest fleire paa Aaretal.
           
O. J. Høyem gjekk ut av Banken den 30te Juni no var.
           
8 Dagar etter tok Banken til aa prenta Pengesetlar paa nytt med ein ny Kontrollør. Det heile hadde altso voret beintfram eit Paafund for aa faa Høyem ut,- den liberale Høyem.
           
- Det er Storthinget, som hev valt Direktørarne i Norigs Bank.
           
Vil Storthinget nokon Gong læra?
 
           
Den vinderi Længden, som bruger de blankeste Vaaben, segjer Fædrel.
           
Meiner Fædrel. Ljugar- og Landssvikar-Brevsendingarne til svenske og tyske Høgreblad?
           
Elder meiner Fædrel. Taakeluren?
 
Blanke Vaapen. Høgre finn, at Myrmannsvæsenet er forargelegt og ulovlegt.
Høgre vil bruka 60,000 Kr. til Uppkjøp av Myrmannsjord.
 
Blanke Vaapen.Verks- og Brukseigarar i Akershus vil gjera sine Arbeidarar til Myrmenn og so klemma dei til aa røysta so, som Verkseigararne sjølve synest, er det fortalt.
 
Den vinn i Lengdi, som brukar dei blankaste Vaapen!
 
           
Folkemøte i Telemarki (Næs) vart haldet den 10de ds. 800 Mann; av dei var 7 Høgremenn. Niendejuni-Resolusjon, Protest mot Truntalen. Vinstretalarar: Thingmennerne Thomesen, Bentsen, Rinde; dessutan Ullmann, A. Haukom, Sandland, J. Telnes m. fl.; Høgretalarar: Adjunkt Hansen (fraa Skien), Kand. min. Vogt.
 
           
Arbeidarmøtet i Trondhjembyrjad Søndag 16de ds. Ikring 100 Utsendingar møtte fraa umpass 30 Arbeidarlag. Pastor Ebbesen, Formannen i Trondhjems Arbeidarsamfund, vart vald til Ordstyrar, Statsrevisor Hølaas til Vara-Ordstyrar; Fatikforstandar Johnson og Redaktør Svendsen til Sekretærar.