Stort og smaatt.

Same Dagen som Oskar den 2dre heldt Truntalen for Norigs Storthing, same Dagen song han ei svensk Visa for Gjesterne paa eit Middagslag paa Sarabraaten og gjenom Telefon for Gjenturne paa Telefonstasjonen. Desse Kvinnfolki skulde daa døma yver Kong Oskar II som Syngjar, og det er greidt, at dei gav han so mykje Ros, som dei kunde finna paa.
           
- Aa fortelja slikt vilde for eit Vinstrebald vera Høgbrot. Men no kom det fyrst i Centralbladet Dagen, og so kann me vel fortelja det, me og, daa.
           
Kongen skal i det heile vera glad i aa syngja. Han skal vera med stundom og spela Komedie paa Hoff-Teatret i Songstykkje elder Operaer. Den høge Songaren fær naturlegvis altid Ros og Klapp.
           
At han kann gjera Vers, veit me fyrr. Det er some, som hev rost desse Versi og.
           
Folk, som vil vita Greida paa eit og annat, segjer, at Grunnen til, at Norig no hev fengje sin rette Fyrsteminister i Stockholm (Statsminister Kierulf), skal vera den, at Kierulf er med og spelar Kort med Kongen visse Kveldar i Vika, og at han daa veit aa snakka slikt, som Kongen likar.
           
- Folk segjer no so mangt.
           
Men visst skal det vera, at Kierulf no er Fyrstemannen millom dei 11, og daa Kierulf aldri hev havt meir Vit enn han turvte, so kann ein vita, korleis det peikar i Veg. Sæle Norig! Store var dine Styresmenn i gamle Dagar; Selmer og Kierulf er dine Styresmenn no.