Hr. O. J. Høyem.

Det var leidt, at Rettingi mi av dette mistyder kom so seint, men eg fekk sjaa detta Stykkjet mitt so seint, at det ikkje naadde til fyrr. Eg ansad ikkje paa daa hell aa nemna, at det var gløymt ute Samanlikningi av det nye Testamente. Vogt og Paulsen var sette jamsides fyst, og so var det tenkt med Høyem og Moe likeins, for at kvar kunde faa si Prøve.
           
No um slike Umtydingar av Namn, veit me, det er tvo Meiningar. Sume vil hava umbrøytt alt saman etter Maalskikken i sitt Land, men so er det sume att, som meiner, at ein skylder framande Folk og gamle Tider den Vyrdnaden, at ein maa skriva kvart Namn etter den Gjerdi det hev, der det er heime. Anten maa det daa verta Per Sendemann hell Apostelen Petros. Eg veit ikkje korleids det kann hava seg med Folkemeiningi um dette hellest, men naar det gjeld Bibelen, er eg rædd, det vil vera ein stor Hop, som vil segja, at Skrifti vert umvre-i, naar det berst so iveg med Umtydingar. Dei vil tykkja, at det bryt for tvert av fraa det gamle, og dei vil heller halda seg til det, dei er vande med.                        
 
u.