Fraa Eksermoen (Ulven-moen ved Bergen).

9de Juni Kl. 9 um Kvelden samlad det seg ein Flokk Soldatar og tok til aa syngja, fortel V. G. Oddmund Vik heldt ein Tale for vaare Minne; det var ikkje Politikk, men leikad altid litt innpaa. Det var no 9de Juni maa vita. Midt i Talen steig Kapteinen fram og forbaud han aa tala meir, forbaud med det same al Politik i Leiren. Vik sluttad; det vart ei Stund stillt. So ropad ein Soldat Hurra for 9de Juni, og dei andre ropad med. So song dei. Deretter Hurra for Storthinget, og for Johan Sverdrup, og so ein Song til. So kom Kapteinen og forbaud dei aa ropa Hurra i Leiren. Dei sluttad og gjekk kvar til sitt. Dei visste ikkje av annat, um at dei hadde voret heilt upp lydige mot sine Fyresette.
           
Dagen etter vart Oddmund Vik dømd til Arrest i 48 Timar, og dei 3 Soldatarne, som hadde foreslegjet Hurra for 9de Juni, Storthinget og Sverdrup, skulde hava Arrest i 72 Timar for Ulydighed.
 
For dei vil ikkje hava Politik i Leiren!
           
- Hadde Soldatarne ropat Hurra for Professor Aschehoug . . . .