[Notisar]

Kristiania, den 14de Juli.
           
Ideelt er Folket suverænt, men praktisk er det ikkje suverænt, skriv ein Mann i Mgbl.
           
Mannen er ikkje so galen som han ser ut til.
           
Han segjer det, som dei andre meiner. Paa Papiret kann me gjerna finna oss i, at det norske Folket er fritt; men i Røyndi, i Gjerningen, - skal det bøygja sin rædde Nakke under andre.
           
Det er det, som ligg under i heile Novemberpolitikken. Me vil halda paa Grunnloven som han er, segjer dei (paa Papiret kann Norig gjerna vera fritt); men absolut Veto maa der til; i Røyndi skal Norig bikkje-bøygjast.
           
- Lat Novemberkararne vinna til næste Val, gode Nordmenn! Daa vert dei so hjarteleg frie ideelt.
 
           
L. Skrefsrud hev no kome hit til Lands og held Fyredrag paa ymse Stader.
 
           
Det er illemed di, det er so mykje Regn um Dagarne. Folk fær ikkje inn Høyet sitt.
 
           
Arbeidar-Møte. Eit svenskt slikt hev vore halde i Norkøping denne Vika. Det 2dre norske skal vera i Trondheim Vika kjem.
 
           
Med Grøda ser det klent ut i Ruslønd. Men i Amerika teiknar det seg godt.
           
           
I Egypten hev det no byrja med Ufred. Styret gjorde i Stand dei egyptiske Festningarne o. m., og so sagde England, at det maatte det halda upp med, annars tok Krigsskipi paa skjota. Det kom ikkje noko greidt Svar, og so hev det rignt med engelske Kulor i Aleksandria denne Vika. Og Slavar i Byen slapp ut og kveikte Eld i Husi paa fleire Stader, sø der saag øgjelegt ut.