["Grunnloven som han er"...]

Grunnloven som han er vil Morgenbladsfolket hava, segjer dei.
           
Um den Ting hev Professor Sars skrivet eit Stykkje i Nyt Tidsskrift, som er slik, at me kunde ynskja, at det vart leset av kvar Mann i Landet.
           
I 1859 kravde dei svenske Stender ei ny Unionsakt paa Grunnlag av Kielertraktaten. Den Regjeringi, me daa hadde, sette seg med Kraft imot dette, og Storthinget svarad samrøystes, at en Revision af Unionsvilkaarene ikke kunde finde Sted uden paa den i Rigsakten givne Grundvold, nemlig Rigernes Ligeberettigelse . . . Storthinget er overbevist om, at ingen norsk Mand, der agter sit Fædrelands Rettigheder og sin egen Ære, vil deltage i Revisionen paa andre Vilkaar. Men det svenske Riksraadet brydde seg ikkje det Grand um, kva dei norske Statsmagterne sagde elder vilde; i 1861 kom den svenske Justitsministeren offisielt med ei Uppmaning til Nordmennerne um aa vera med paa aa faa istand ei ny Unionsakt, paa Grunnlag av det, som var framkomet fraa Stenderne. Den norske Regjeringi svarad i ei Innstilling av 21de Oktober 1861, at det, som Storthinget hadde sagt i denne Saki, fekk staa, og innstillte til Kongen, at Forslaget fraa den svenske Justitsministeren ikkje maatte faa Framgang.
           
Daa vart tri av dei norskaste Statsraadarne tri av det gamle Høgre, - nøydde til aa gaa av. Og istadenfor dei kom det 3 nye og mindre stive Menn inn i Raadet, og millom dei var - Fredrik Stang.
           
Alle trudde, at den nye Regjeringi skulde fylgja same Politikken i Revisjonssaki som den gamle. Morgenbladet, som den Gongen var imot Revisionen liksom alle andre norske Blad, og som strakst vart organ for den nye (Stangske) Regjeringi, sagde endaa, at Afslag af Revisionen, overensstemmende med Nationalrepræsentationens Adresse, maatte være den nye Regjerings Program.
           
Men Fredrik Stangs sanne Program var, at Revisionen skulde faa Framgang, og det paa den Maaten, som dei svenske den Gongen vilde.
           
Og Revisjonen fekk Framgang.
           
Fyrst galdt det aa faa Storthinget til aa taka i seg att Adressa av 1860. Det gjorde ikkje Storthinget. Men det gav eit Svar, som i Formi var so svært høflegt, at Regjeringi saag seg Kans til aa fortolka det um til eit Samtykkje. Og so utrulegt det høyrest, so fann Regjeringi tilslutt nokre Nordmenn, som leet seg setja inn i Unionskomiteen paa dei Vilkaar, som no baudst.
           
Og so snudde Morgenbladet.
           
I 1860 hadde det skrivet, at det var taabeligt og uværdigt at sondre mellem stort og smaatt, hvor det gjaldt et Folks Ære og Selvstændighed, og at et Folk, der roligt bærer paa Afhængighedens ydre Mærker, ikke fortjener at beholde og ikke vil beholde Selvstændighed i det, som mere er; og i 1861 skreiv det, at det bliver en Revisjon paa Grund af eller formedelst (de svenske) Stænders Skrivelse, og den svenske Hensigt dermed lader sig ved ingen Kunst forklæde eller bortsnakke. Til en saadan Revision maa enhver norsk Mand ubetinget svare: nei! - Men daa Stang hadde vortet Statsraad, gav Mgbl. seg til aa forkynna, at Revisjonen, slik som dei svenske hadde kravt han, maatte faa Framgang, og at dette var so vigtigt, at dersom Nordmennerne sagde nei til det, so kunde Europa blanda seg inn i Saki og tvinga dei til aa bøygja seg 1) .
           
Og Morgenbladsfolket fann seg i denne grove Kuvendingi. Det skandinaviske Selskap kom til i 1864 og arbeidde trutt paa aa gjera Norig til eit Underbruk under Sverig. I det Laget var fleire av dei Mennerne med, som sidan hev vortet Statsraadar elder annat stort i dette Landet.
           
I 1867 var Unionsforslaget ferdigt. Det var paa 71 Paragraffar og skulde gjelda framfor Grunnloven. Det var uklaart ihopsett; med Fortolkningskunster kunde dei ha fengje ut av det kva dei vilde; ingen kunde, naar det hadde vortet Lov, visst, kva som skulde gjelda av Grunnloven, og kva som ikkje skulde gjelda. Forslaget vilde hava eit Unionsstatsraad, som var so lagat, at svenske Statsmenn sagde, at naar det kom istand, so vilde Unionsstorthinget koma av seg sjølv; endeleg var der i Forslaget fyreskrivet, at mange av dei Ting, som Folket fyrr hadde avgjort sjølv gjenom Storthinget, dei skulde heretter skipast ved Unionslovar, som daa ikkje kunde gjerast um utan Samtykkje fraa Sverig.
           
Det var ei Umstøyping av Unionen fraa Personal- til Real-Unionen; det var ei Uppgjeving av Norigs Rett og Æra som sjølvstendigt Rike; det var i Grunnen ei Umveltning av sjølve Forfatningi. Og no tok dei til aa arbeida, heile Morgenbladsflokken, arbeida av all Magt, og med alleslags Raader, for aa driva dette Forslaget fram. Regjeringi skreiv ei Innstilling um, at det skulde godtakast, og Morgenbladet strævad i fleire Aar med aa faa det godkjennt. Det brukte Lokking, Trugsmaal og Lygn um einannan og det hadde med seg dei same gode og upplyste Borgarar, som det hev med seg no, i Striden for det absolute Veto. - -
           
Og no fortel det med diger Skalle, og heile Partiet fortel det same, at det er Unionsaktpartiet, som alle Dagar hev voret, og som alle Dagar vil vera Grunnlovspartiet. Dei kallar seg Grunnlovspartiet tolv Aar etter Unionsforslaget og samstundes med, at dei hev framsett Krav paa absolut Grunnlovsveto og Bevilgningsveto, og tvo Forslag um Overhus.
           
Ja, lat dei Kararne faa Magti. So skal det ikkje vera so svært lengje, fyrr Grunnloven av 1814 er sundriven og Unionsforslaget uppe att. Grunnlovspartiet hev vist, at det ikkje er bljugt, so snart det trur det kann raa seg.
 
 
1) Mgbl. driv enno paa med dette um Europa, naar Storthinget ikkje læt seg skræma paa annan Maate. Men til andre Tider fortel Bladet at Europa ikkje veit av, at Norig er til.