"Arbeidsfolk".

Hils Statsraaden og bed ham forsikre Hs. Maj. om, at vi arbeide deri ligger det, mine Herrer! - arbeide som Hans Majestæts tro Tjenere iblandt Folket.
           
Ja, dei arbeider. No læt dei sine Visargutar, Novemberkaksarne, laupa ikring med den Selmer-Kierulfske Truntalen og prøva paa aa skræma Folket til aa velja novemberskt.
           
Hans Majestæt hev sagt, at han gjev seg aldri. Altso maa du gjeva deg. Gjev du deg ikkje, so vert her Krig, - segjer dei til den norske Bonden.
           
Det er ikkje nok med, at dei finn seg i det personlege Styre og i den Skammi, som dette legg ut yver Folk og Land. Dei gjer seg til Tenestgutar for det personlege Styret; dei tek Trældomens Liberi paa seg som ei Stadsklædning; gjeng so ikring og vil truga andre til aa gjera det same; for Skammi vet ikkje til Æra, fyrr alle hev gjort seg ærelause. -
           
Med Skræming og Trugsmaal driv dei sitt syrgjelege Arbeid. Send Novembermenn til Things, elder so vert her Krig! segjer Novemberkaksarne til Bonden.
           
Men dei skulde visst agta seg litt. Hvis Nogen ved Valg til offentlig Forretning, hvor det kommer an paa Medborgeres Tillid, . . . ved Trusler eller paa anden utilbørlig Maade søger at skaffe sig Indflydelse paa saadant Valg, straffes han med Bøder eller Fængsel,- segjer Loven!
           
- Og kor skulde so den Krigen koma ifraa? Fraa Kongen? Nei. Kongen hev i Truntalen sagt, at han minnast sin Eid til Norigs Grunnlov. Fraa Sverig?
           
- Nei; det store liberale Sverig hev sagt, at det blandar seg aldri inn i vaar Strid; og hellest bryr Sverig seg ikkje um, at Norig misser sin Fridom. Sverig kann ikkje i Lengdi vinna paa det, tvertimot. Kor skulde Krigen koma ifraa? Krigen maatte koma fraa Novemberkaksarne sjølve. Novemberkaksarne maatte bruka sine eigne Grosserar-Krunur og leiga seg Hærfolk; dei maatte væpna sine Husmenn med Ljaa og Øx - for sitt eiget Liv vilde dei visst ikkje vaaga og paa slik Maate reisa Borgarkrig i Landet! Ja; Karl Gulbranson hev snakkat um Broderblod og slikt. Men naar det kom til Stykket, - so vilde kanskje Novemberkaksarne finna, at det ikkje var so lett aa faa ein Krig istand endaa; og dessutan hev me denne Loven, og den segjer, at dersom nogen, i den Hensigt at . . . kuldkaste eller ved lovstridige Midler at forandre Norges Statsforfatning . . . gjør Oprør eller foretager noget, der som Forsøg . . . er strafbart, eller derved enten med Raad eller Daad bistaar, da skal han, saafremt han er Anstifter, dømmes til Strafarbeide paa livstid eller til at have sit Liv forbrudt! segjer Loven.
           
Men med Skræming og Trugsmaal vil dei føra ei syrgjelege Sak fram; med Skræming og Trugsmaal skal Fedrelandet bøygjast inn under Veto-Veldet. Dei maa hava underlege Tankar um Norigs Folk, desse sanne Arbeidsmenn. Dei maa tru, at alle Nordmenn er likso knebøygde i Hug og Tanke som dei er sjølve.
           
Dersomden Dagen kom, at ein Konge ikkje vilde lyda Landsloven, men braut inn i Landet som ein Røvar og vilde gjera Vald mot gamle Norig og mot Norigs Folk, so vilde væl Nordmennerne no som i gamle Dagar vita, kva dei hadde aa gjera. Dei segjer nok, at Nordmennerne er ræddare for Livet enn andre Folk; men so rædde som Novembermennerne trur, er dei ikkje.
           
- Men kva skal me so segja um det, at der her ikring Kristiania skal finnast Folk, som, istadenfor aa segja slike November-uppviglarar si Hjartans Meining, læt seg skræma av dette jammerlege Skravlet um Krig?
           
Me veit ikkje annat aa segja, enn at dersom det finst slike Krusingar, so bør dei kasta Broki og klæda seg i Stakk, so Folk ikkje skal taka imist og halda dei for Mannfolk.
 
           
Meir Arbeidsfolk. Vi arbeide, vi arbeide -! Ja so men; dei arbeider.
           
Marius Hægstad er ein liberal Mann. Han er Skulestyrar i Namsos; men dei store i Namsos likar ikkje liberale Menn. So hev dei arbeidt i fleire Aar paa aa faa Hægstad or Vegen. Dei prøvde med ei Høgbrotssak, men fekk ei lang Nos; dei prøvde med aa avsegja heile den Skulen, som Hægstad styrer; men Storthinget sagde Nei. No vil dei prøva aa faa Hægstad avsett, fordi han skal hava galne Meiningar i Trui.
           
Ja den Trui, den Trui; den er nyttig til mange Ting.
           
- Kristian Gløersen, som var Skulestyrar i Kragerø, maatte segja fraa seg Posten sin, endaa han var Kristen. Trui er nyttig til mange Ting; - men det er Politikken, det gjeld um.
           
- Hils Hans Majestæt, at vi arbeide, - arbeide!