Eit rettskrivnings-spursmaal.

I dei fleste skulebøker brukast der no ei onnor rettskriving, enn der hev voret brukat fyrr, med di at dei store bokstavar fyr namnordi er slengde. Paa dei fleste skular lærer dei vel ogso denne rettskriving no, og det er trulegt, at dei store bokstavarne snart vil høyra til ei tid, som er avlidi.
           
Men dei, som skriv i landsmaalet, held enno ved med desse store bokstavar. Kvat er grunnen? Eg kann godt tenkja meg, at maalmennerne naudeleg vil ganga i brodden fyre ei umbrigd i slikt, som berre høyrer slett og rett ei utsida til; men naar skulebøkerne vert skrivne med smaa bokstavar, og naar dei, som paa skularne verta upplærde i dansk rettskriving, ikkje lærer aa dragast med dei, kvi skal me bala med dei daa lenger? I skulen heve slik ei utsida ikkje so reint litet aa segja, og naar dei no taka til aa gjeva oss skulebøker paa landsmaalet, skulde ein venta, at dei vilde stella desse som andre folk i dette stykket. Der er f. eks. Austlids Abc med store bokstavar, der kjem bibel-soga av Paulson og Mo likaeins. Den eine av desse forfattarar hev daa nett gjevet ut ei Skrivebok, som kastar dei store bokstavar liksom skulebøkerne, og attaat dette gjeng eit stig lenger ved aa bruka å istadenfyr aa. No skal me hava utgaavor av bibelske bøker, og det er mest dei, som gjerer, at eg no skriv dette. Det er greit, at alle bøker her bør hava same rettskriving; men mun det ikkje daa var best aa taka den rettskriving, som vel no maa segjast aa vera den autoriserade, strakst. Eg veit nok det, at some gamle folk støyta seg yver den nye rettskrivingi; men det gjera dei og yver dei latinske bokstavarne, og sjaa um ikkje Fedraheimen hev teket deim! Det var daa betre aa støyta ein og annan særing en aa verta liggjande etterpaa hitt folket med ei rettskriving, som korkje er praktisk elder norsk elder europæisk.
           
Sume segjer: anten gamaldags rettskriving heilt ut elder ny heilt ut med svenske å-ar. Som det no er, trur ikkje eg, at et kann hasta med å-arne; eg tykkjer ikkje, dei tek seg godt ut i landsmaal, og dei brukast ikkje i dei skulebøker som vel er mest i bruk, slike som Eriksens fædrelandshistorie og literaturhistorie, Eriksens og Paulsens lesebok, Jensens lesebok, Dahls smaastykker av norske forfattere, Kobberstad & Thulands lesebok og m. fl. Men desse bøker vil visst hava so mykje innverknad paa rettskrivingi her i landet, at me kann hava grunn til aa fylgja. Og der meinar eg, at det norske samlag hev godt tilføre til aa taka det fyrste stig, naar det no skal gjeva ut bibel-umskrifti.
           
Eg hev ikkje nevnt grunnar fyr aa taka det nye her; for eg veit ikkje, um det kann nytta aa stridast um, anten dei store bokstavarne er til gagn elder ikkje, og helder ikkje hev egnokon sers hug paa umbrigd i dette stykket. Berre det held eg fyre er greit: so sannt som det kann segjast, at dei store bokastavarne er landlyste fraa dansk-norsk og fraa den rettskriving, som lærest paa skularne, so er det snaudt nok klokt av maalmennerne aa halda paa deim. Fyr meg er dette grunn nok, og so hev eg sett fram denne tanken her, so andre kann tenkja paa det.                 
-l. -