Den gamle Visdom.

Æ der berre Kjøt paa Jore!?
Kven kan svara, so det dugjer?
Inkje eg, med desse Ore,
so det nokon av kon hugjer.
 
Inkje helder du kann svara,
so me inkje lenger trivlar
etter Vegen, me skal fara; -
den hev enno mange Grivlar.
 
Gamal Visdom inkje helder
heilt vel strekkjer til i Lengde?
Nytt kjæm upp, og Strid det velder;
nye Tankar veks i Mengde.
 
Spursmaal gjenge, Spursmaal kjæme,
sume nea, sume oma;
her paa Jore er ein Hæme
etter vita det me kom av.
 
Her paa Jore er ein Hæme
etter vita, kor me landar;
gamal Visdom, veit du, kjæme,
held og sine Svar tilhandar.
 
Sume trur den, sume inkje,
sume vaaga seg til tenkja;
dei vil gripa Sanningsvinkje,
men det fyrst eit Bil maa blenkja.