[Notisar]

Kristiania, den 30te Juni.
           
Det maa ikkje vera greidt aa faa Tingarar paa Bakstrævarblad i denne Tid. Dei lyser ut i Fædrelandet og Budstikka no, at den, som i Rigets Landdistrikter skaffer det største Antal nye Abonnenter paa Fædrelandet eller Budstikken, ligegyldigt hvilket af dem (aa ja!), - han skal fa Premie.
           
Ja det trur me og. Den, som kann faa vituge Folk til aa halda og lesa slike Blad i desse Tider, han børhava Premie.
 
 
Fint. Um Demonstrasjonen for Sverdrup den 21de Juni skriv Fædrelandet:
           
Hoben havde ikke Mod til at jage - den nøier sig med at demonstrere mod Kongen ved at hylde den forønskede Præsident i Landet.
           
Det kann ein kalla ein fin Maate aa eggja til Revolusjon paa! Hei, Gutar! synest Fædrl. segja, ein annan Gong skal de jaga Kongen; daa skal me segja de er Menn med Mod; men slik ein Demonstrasjon for den forønskede Præsident, - kva skal det gjera godt for?
 
 
Menner det daa enno i dette kontortamde Landet.
           
Amtsformannskapet i Kristians Amt, fann ein Morgon Truntalen paa sine Plassar. Dei fannhenne der. Slike Ting gjeng mest altid gjenom Bakdøri.
           
Dei gode Ordførarar fraa Kristians Amt las denne Talen. Dei forstod, at der var Folk, som paa den Maaten, vilde kommandera dei til aa skifta Meining og røysta paa Høgremenn til Thinget.
           
Og so sette dei seg ned, 20 av 26, og skreiv ein roleg, fast og verdig Adresse til Præsident Sverdrup. Dei sagde, at dei no som fyrr heldt fullt og heilt med Storthinget.
           
Han er ikkje so lett aa skræma, Upplandsbonden, som dei hev tenkt.
 
 
Kongens Ord skal brukast som Vaapen i Val-Striden.
           
Taka Kongen, som skulde staa yver all Partistrid, aa bruka han til Agitator i eit Thingval . . . Hev du høyrt slikt?
           
- Men det er some Tider at ein mest maa segja med gamle Wessel, at jo galere jo bedre.
 
           
Grundloven, som vi alle har besvoret, - I saavelsom Jeg.
           
Det er fagert aa høyra Kongen sjølv minna um Eiden sin. Han hev altso ikkje gløymt den, og han veit, at bryt han den, so er han ikkje Konge ein Time lenger. Kongen er ein klok Mann; der er ingji Naud.
           
- Hellest hender det no so mangt i denne underlege Verdi. Luthersk Ugeskrift vilde nok vita Raad for Uraad, um ein Konge gjorde seg til Meineidar og; so galet hev hendt fyrr. Prins Napoleon f. Eks. svor med sin dyraste Eid Frankrikes republikanske Grunnlov Truskap, og den Eiden snakkad han um rett som det var. Um ei Stund gjorde Prinsen Meineid og Statskup. Men ein høyrde ikkje, at Paven og Prestarne hadde nokot imot Mannen for det.
           
- Fædrel. og Luth. Ugeskr. hev forsvarat Keisar Napoleon den 3die!
 
           
V. Ullmann hev og i Aar fengje Amtstilskot til Folkehøgskulen, han vil halda i Selgjord.
           
 
Politiske Folkemøteer det no mange av. Paa eit som var i Elverum no um Maandagen, var der 1200 som møtte. Mot 51 R. vart det vedteken slik Resolusjon, at det helst fekk vera so, at bade Konge og Storthing bøygde seg for Valet. Paa vinstre Sida tala Bjørnson, Jacobsen, Arvesen, Hektoen, Konow, paa høgre Bjøntegaard, Voss, Sæhlie, Vogt.
 
Til Vika skal der vera Møte paa Stiklestad.
           
 
Paa Islandhev Kvinfolki fengje Røysterett i Heradsvali o. m.