[Johan Sverdrup...]

Johan Sverdrup hev gjort Høgrebladi eit svært Peik, med di han leet Steen vera Præsident under Uppløysningi.
           
Morgenbladet dundrar paa Stortromma; Aftenposten klakkar paa sitt gamle Kalvskinn; Fædrelandet skrik seg haast med sine feite Bokstavar. Det er ein Konsert, som kunde faa ein Blaamann til aa dansa.
           
Dei er nok ikkje altidso uppsette paa aa hava Sverdrup til Præsident, dei gode Folk!
           
Kva skulde det hjelpt Høgre, um Sverdrup hadde ført Præsidiet den 21de Juni? Totte dei kanskje ikkje, at Rektor Steen svarad Kongen kvast nok?
           
Ingen segjer annat enn det hadde voret godt, um Sverdrup hadde voret Præsident den Dagen. Men at ein Mann, som nyleg er bergad fraa ein livsfaarleg Giktsjukdom, ikkje kjenner seg god til aa staa der i ein stiv Klokketime i sterk Gjenomtrekk og bukka for Kristianiafiffen, det finn me so rimelegt, at me ikkje forstend, kva Høgrebladi kann harma seg so ut for ein slik Ting fyre.
           
Kanskje det er Harmen yver, at Sverdrup hev komet seg att, som paa denne Maaten gjev seg Luft? - -