[Høgre...]

Høgre hev enno ikkje kravt nokot Ministerium Sverdrup. Tvertimot! Dei likarden Selmer-Kjerulfske Kongetalen; for slik skal Vinstremennerne ha det!
           
Dei er med andre Ord fyrst Partimenn, so Nordmenn. Dei gamle Høgremennerne hadde det paa den andre Maaten.
           
Sjølve Centrum tek imot det personlege Styret med blide Ord og underdanige Fakter. Fædrelandet vaagar likevæl so svært eit Varp som aa segja, at der kann vera fleire Meiningar um Innhaldet i Kongetalen.
           
- So der kann det, Fædreland? Det var mykje. -
           
Men i det heile er Centrumskararne likso fornøgde i Truntalen som Høgre. Dei kausar og klappar Kongemagti, fordi ho hev talat so mannslegt og so djervt.
           
- Det er ikkje aa undrast paa, at Folk trur, dei kan gjera med Nordmennerne som dei vil. Kysser me Riset, so fær me Ris, det kann me lita paa; men so fortener me aa faa det og. Det er det gode ved Tingen.