"Høflighed".

Maandag 19de skreiv Statsraad Backe til Kontorsjefen i Thinget og bad han spyrja Præsidenten, kva Klokkeslætt um Onsdagen det kunne falla seg, at Uppløysingi gjekk for seg. Kva Klokkeslætt um Onsdagen, - der var ikkje meir aa laupa paa. Um Onsdagen skuldedet vera; det var berre Spursmaal um Timar fraa elder til.
           
Kontorsjefen talad med Præsidenten, og etter det svarad han, at det var raadlaust enno aa segja for visst, naar Storthinget var so ferdigt, at det kunde slutta.
           
Dette fekk Kongen vita med det same han var komen til Byen um Maandagen. Og daa han fekk høyra, at Storthinget ikkje kunde segja, naar det vart ferdigt, - so avgjorde han, at Storthinget skulde vera ferdigt Onsdag Kl. 3. For H. M. hadde ikkje Stunder til aa venta lenger. -
           
Dette kallar Høgrebladi no Høflighed.
           
- Der skal ikkje mykje til, fyrr dei finn, at Storthinget fær Vyrdnad nok. Men naar det gjeld den andre Statsmagti aa!