Olaus Fjørtoft skreiv i 1871:

Den Læra, at Storting og Regjering skal staa som tvo Makter og vege kverandre op, er dømd og kan inkje vekkjast att. Væra er koma baade utover dæ, at Kongen er Staten, og at Kongen er ein Mann, som skal ha noke aa seje mot Folkje. Kongane hev inkje Rett til aa vera slike Storkarar lenger, at dei skal vege op eit heilt Folk. Lysten og Hugmaala deira maa staa under Folkevilja. Kongemakta er av Tanken dømd til aa vere eit Huskors, ein lyt drage paa, so lengje til dæ ryk sund av seg sjølv. Enten De no tru paa, at dette ska skje elder inkje, so maa kvar Mann skjyne, at dæ er dæ største Tanketull, som tenkjast kann, at Kongen skal ha Rett til aa sete seg imot dæ Folkje vil, elder krabbe attende, skuvande imot. Dæ, som eit folkevalt Ting set sin Konge, elder dæ, som dæ ber honom gjere, dæ fær han finne seg i, vil han ha Lov til aa sitje paa Stolen sin. Og som mæ Kongsgreia, so mæ Styre ellest. Tinge skal gji Logene, og Styre skal sjaa etter, at dei vert vyrde, og dæ er ein Uting, naar Styre vil liggje paa Ufres-Fot mæ Folkje. Kan Styremennene inkje finne seg i aa staa under og tene eit folkevalt Ting, so fær dei putle seg vekk, dæ er ei grei Lære, og inga anna er rett; for Folkje maa daa faa Lov til aa vere Herre i sit eje Hus, skulde me meine. Kan inkje Styringsmennene vere Tenarar, so fær dei, som me sa, gaa av, og so kan dei verte Talemenner fyr sine eigne Meiningar i Tinge, i Fall nokon vil ha dei der. Skal Styre og Ting staa slik paa Krigsfot mæ kvarandre, so vert dæ Ufre og Ugreje i eit Land. Nei dæ er i Tinge, Meiningane skal dryftast, og inkje millom Ting og Styre; men so vert dæ, so lengje inkje den Ting er grei og klaar, at Kongen inkje hev nokon Rett over eit Folk; han er innsett som ein livsvarig Tenar og inkje som ein Herre.
           
Nokolunde det same skreiv Fredrik Stang i 1833.