Ein Byfut, som flagga svenskt paa 17de Mai.

(Brev fraa Aalesund). Hr. Bladstyrar! Som Fedraheimen fyrr veit, er her god Raad paa Bakstrævarar. Faatalsmennerne hev her naatt det Maal, som dei so ivrigt arbeider fyr, nemleg - aa faa Fleirtal. Det vil segja, naar dei reknar Ingentingianarne paa si Sida. Men her er ikkje fritt for Vinstremenn helder, og det staute Karar au. Desse fekk istand ein 17de Maifest. Det var fyrst eit Flagtog av Skuleborn fraa alle Skular; borni gjekk tri og tri saman; eit bar raudt, eit kvitt og eit blaatt Flagg, og her og der var der store norske Flagg. Det var vel ei 800 Born, som slik gjekk i Festferd gjenom Byen. Adjunkt Klausen heldt Festtala, - eit lite Meisterstykke av ei Tale. Solskin var det, og Solskinslag var Folk i og. Men ein fær ikkje høyra berre godt. Flaggkomitéen hadde vedteket, at baade reine og unionsmerkte Flagg skulde brukast, og det var naturlegt; for det reine hev god Grunn fyr seg paa den 17de Mai. Men daa fekk Novemberfolket vondt. Ein Lærar paa Latinskulen trugad ein Skulegut med, at han skulde koma i Avisa, dersom han gjekk med reint Flagg; men Guten gjekk likevel. Der var visst mange som ikkje fekk sova den Notti, berre fyr dei reine Flagi, der var.
           
Men der var dei, som regtigt vilde visa seg velsindede. Byfuten flaggad med svenskt Flagg han. Det er syrgjelegt; men det er sannt. Tett att med Stova hans var der ei Stong med eit stort, svært svenskt Flagg. Men Mannen hadde daa ikkje plent gløymt det Landet, som han liver i og av, og difyre hadde han fengje seg fat i eit ørlite norskt Flagg med Unionsmærke naturlegvis og sett det inne imillom nokre Busker paa mindste Huset sitt. Her er Telegrafkursus her no, og Lærlingarne der gjekk stad og peip aat Byfutens Flaggjing; men daa sende Byfuten Bod til Politimeistaren om, at han skulde halda eit Auga med dei. Byfuten vert vel snart dekorerad.
 
h.
           
Soga synest utruleg. Men Brevet er fraa namngjeven Mann. Bldst.