Det konstitutionelle Styre vinn seg fram i England.

[Del 2 av 4]
 
(Framhald fraa No. 21).
           
Gjenom mange Hundradaar hadde det voret Strid millom det folkelege Drag, som fraa fyrst av laag under i den engelske Riksskipnaden, og Kongemagti med hennar sjølvsjuke Herrelyster. Gjenom Upprør, Riksprocessar, Slag, Landlysingar og Rettsmord hadde denne Striden øydelagt heile Lande og gjort det mest magtlaust mot Utlande; stundom syntest Folkefridomen, stundom Kongemagti aa vera Undergangen nære. Vaapenkongen, som utropa Wilhelm og Marie til Konge og Dronning av England, kunngjorde med Sanning, at denne store Striden no var slutt; at der paa-nytt var full Samklang millom Trone og Parlament, og at dei gamle Logjer og Tilskipingar, som avgrensa Kongemagti, heretter skulde hava sama Vyrdnad og Heilagdom som Kongemagti sjølv.
           
Ein Jamaldring med Revolutionen segjer: Det er Lykka vaar, at dei engelske Konganne er under Logjenne som me sjølve; at dei vilde øydeleggje Grunnlage for deira eigji Magt og Storleik, um dei øydelagde Logjerne; soleis er Riksbygningen vaar ikkje sjølvtykkjeleg, men logleg, ikkje ubunden, men statsretsleg, og me rosar oss med Grunn som friare enn andre Folk og betre varde mot Valdsherrar.
           
Den nye Aandi synte seg strakst i dei nye Logjer og Tilskipingar. Alle gjekk ut paa aa gjera Folkets Rettende so mykje meir urkrenkjelege. Dei frie Tankanne, som hadde arbeidt seg fram under Stuart-Konganne og deira Hardstyre, fekk no Magt gjenom alt.
           
Mest vigtigt var her Umdaningi av Skattestelle. For fyrste Gong fekk Kongen fast Aarsløn, og vart Rikseigendomanne skilde ut fraa det serskilde kongelege Hushald. Til daa hadde det voret Bruk aa gjeva kvar Fyrste, naar han kom til Styre, alle Innkomunne av visse Skattar, dei han daa kunde bruke som han vilde; paa den Maaten vart Innkomunne hans svært ujamne, snart uhorveleg store og snart mindre, naar Folkerikdomen tok til, kunde dei stiga til uviss Høgd. Ein sparsam Fyrste kunde paa den Maaten i eit langt Styre leggje seg upp umaatelege Pengar, som han daa kunde bruke til aa leige Hærmenn fyre og til aa kjøpe Folk med. Denne Uskikken tok Revolutionen Live av for all Tid. Kongen fekk ei fast Løn, og Utgifterne til Heren, Floten og Landsforsvare i det heile maatte kvart Aar prøvast av Underhuse. Ved dette fekk Underhuse det strengaste Tilsyne med Utgifter og Innkomur. Med kvar Bevilgning fylgjer det endaa eit likeframt, strengt Paalegg for Embættsmennanne i Skattehuse, som segjer, at Penganne berre maa brukast til det, dei er gjevne til. Kor langt denne Aatgjerdi rekk, er klaart. Ikkje noko Ministerium kann halde seg i Lengid, som ikkje hev Tillit hjaa Underhuse, og Parlamente maa kallast saman kvart Aar. Hallam kallar i den nemde Soga si denne Aatgjerdi liketil for ei Yverføring av den utøvande Magti fraa Kruna til Parlamente. Og dette Orde er knapt for sterkt.
           
Heiltupp i same Aand gjekk Umbøtingi av Rettargangen. Serleg naar det galdt politiske Spursmaal, hadde fyrr dei fælaste Myrdingar vore aalmennelege; Domstolanne var fulle av meinsvorne Vitne, falske eidsvorne og kjøpte Domarar; med Logløysa og Vald rudde dei burt den veikare Motstandarflokken ved misbrukte Rettsformer. No kom Fredsdomstolanne til full Magt; Undataks-Domstolanne vart avtekne for all Tid, og Domarane i dei høgste Rettanne kunne ikkje lenger avsetjast utan etter Log og Dom. Det minste Faatale var no fullkomeleg tryggt endaa mot det megtigaste Fleirtale. Den armaste Mannen, sa den eldste Pitt eingong, kann læ aat heile Kongemagti; Hytta hans kann vera i Nedfall, Toka halde paa aa ramle ned, Vinden blaase gjenom Rivunne, Storm og Ver leike med ho; men for Kongen av England er ho trygg; all Magti hans flindrast mot Dørstokken aat den usle Bygningen. (Sjaa Statsmennenne under Georg III av Henry Lord Brougham).
           
Likso gagnleg var den nye Aandi for dei kyrkjelege Sakjenne. Likevæl ser ein tydeleg, at den religiøse Aalmenndaning endaa ligg uendeleg langt atterut for den politiske. Trufridomslogji (Tolerance-akten) vart innførd. Kongen med sitt stortenkte Lynde vilde hava aalmenn Trufridom; men Prestarne sette sig imot det, og det vart ikkje av. Toleranseakti stengde endaa ute Katolikar og Unitarianar (som trur paa ein Gud i einPerson); men endaa i ei so avknappa Form gjorde ho mykje godt, letta Livet for dei mange nedtrykkte Serkyrkjelag og jamna Vegen for Avtakingi av Religionseiden og Frigjeringi av Katholikkanne seinare i Tidi. Skotland og kom i Ro; dei slutta med alle Forsøk paa aa faa den biskoppelege Kyrkja til Magti der.
           
Og som Topp- og Fellingsstein paa disse store Tilskipingar lyfter seg endeleg den fullkomne Pressefridom. Væl kjem denne noko seint, men so er han so mykje betre, naar han kjem. Med stutte Avbrot hadde Censuren vori brukt under alle Styre sia Henrik VIII; i Aare 1679 var Tidi for Censurlogi ute, men i 1685 vart ho uppnyad att for 7 Aar; og det er merkjelegt, at Declaration of rights ikkje nemner Pressa med eit einaste Ord. Men endeleg vart Censuren i 1693 gjort Ende paa for all Tid. Hoffe og sjølve Wilhelm III prøvde nok sidan mang ein Gong aa knipe av paa Pressefridomen; men det nytta aldri. Kvar Engelskmann veit, at all verdsleg og kyrkjeleg Fridom berre er eit faafengelegt og unyttigt Skin, der ikkje Pressa vaker. Gjev Ministranne eit sedlaust Overhus, sa eingong ein vidgjeten Parlamentstalar, gjev dei eit mutetakande (bestikkeligt) Underhus, gjev dei eit krjupande Hoff og lat oss faa hava den frie Pressa, so vil eg beda dei freiste aa krenkje Englands Fridomar med ein Finger.
           
I Sanning: den, som ser fordomsfritt attende paa dei store Godar, Revolutionen førde med seg, han vil med Glede vera med Hallam, naar han segjer desse byrge Ordi um Fødelande sitt. Me eig paa ein Gong den republikanske Byrgskap og Vyrdnad og den Fastleiken og rolege Støleiken, som hellest berre plar høyra til Einvelde. Montesquieu kjem med dei same Tankanne; han kallar England eit Land, der Republikken gjøymer seg under monarkiske Former. Og ikkje berre England, men heile den upplyste Verdi fekk her den sterkaste Drivkraft framyver. Denne konstitutionelle Riksformi hev vorti Grunnlage, ja i mange Maatar endaa det øvste Mynster for alle nye Rikslærur og Riksutviklingar; og likevel hev ho ikkje bygt seg under Innverknad av faste gjenomtenkte Lærur, men einast ved eit heppelegt Møte av heppelege Høve, ved Samband millom fiendtlege Flokkar, ved eit reint utvertes Millomvegsforlik. Men her ligg dei frugtrike Røtenne til den demokratiske Riksbygnaden aat Nord-Amerika, til den franske Revolutionen, til dei religiøse, politiske og borgarlege Tilstand i heile Samtidi.                                  
 
( Meir).