Bibelumskrifti.

Professor Dr. E. Blix hev med Tilhjelp av Ivar Aasen umskrivet Pauli Brev til Romararne, og Professorarne F. W. Bugge og C. R. Unger, som hev granskat Umskrifti, hev funnet Arbeidet so godt, at dei ikkje kann rosa det nok. Og Styret for det Norske Samlaget hev fengjet Kand. Mathias Skard og Prest Belsheim og Professor Blix til aa gjenomarbeida ei Umskrift av Hr. Skard af Markusevangeliet. Paa dette Arbeidet hev dei arbeidt i eit Par Vikur fraa Morgon til Kveld, og hev ferdig ei Umskrift, som kann prentast. Hr. Skard hev derattaat umskrivet fleire av dei nytestamentlege Bøkerne, men desse Umskrifterne tarv Gjenomarbeiding, fyrr dei kann utgjevast. Baade Hr. Skard og Hr. Belsheim hev umskrivet Lukasevangeliet, og desse Umskrifterne er, kvar for seg, gode til Grunnlag fyr ei norsk Utgaava av det Nye Testamentet, men maa samanarbeidast og samanhaldast med Grunnteksten, fyrr dei kann utgjevast. Ein teologisk Student hev gjort ein Freistnad med aa umskriva Brevet til Kolossæfolket. Det er soleids ikkje litet fyrebutt av Bibelumskrift, som det gjeld um aa faa yverfaret av andre kunnige Menn, daa det aldri kann vera Tale um aa utgjeva nokot slikt, fyrr det i alle Maatar er so godt, som det er Raad til. Og me kann faa det godt no, daa me hev ein so framifraa dugleg Mann som Dr. Blix til Hjelp med Arbeidet. Men no kunde det vera godt aa hava mange Pengar, so Ein kunde faa driva dess meire paa. Ein Bonde fraa Upplandi hev sjølvminnt sendt det Norske Samlaget Kr. 50 til Hjelp ved dette Arbeidet, og me bed andre, som skynar, at det her gjeld ei stor og god Sak, aa gjera likeins. Kasseraren fyr Samlaget, Hr. Hallv. Johansson, vil taka imot, og gjera Greida fyr Rekneskapen. Det, som kjem inn, vert alt brukt berre til Studning fyr Bibelumskriftarbeidet.