Bibelsoga paa Norsk.

Det munar fram.
           
Maalmennerne fer til aa taka Arbeidet paa ein praktisk Maate, dei arbeider for Skulen, dei tenkjer aa byggja ein fast Grunnvoll for Framtidi, dei samlar si Kraft um aa skriva Skulebøker og Lærdoms-Skrifter for Ungdomen.
           
Det er alt lagt vonom meir Arbeid paa det; me hev komet eit godt Stykkje paa Veg.
           
ABC-Bok hev det komet, og det betre enn ho finst paa Bokmaalet.
           
Norigssoge hev det komet, og den baate god og brukfør.
           
Heimsyn hev me, tilmaata for Ungdomen.
           
Reiknebok hev me. (Bondehjelpar av Høyem).
           
Av Katekisma hev det komet fleire Umsetningar og Utgaavur, eg meiner baate fire og fem.
           
Ei Bok um kristeleg Tru og Livnad er i Gjerdom.
           
Bibelsoga held paa og vert umsett.
           
Bibelsogur hev me fengjet, fyst til Bruk for Lærarar: Den helige Soga ved Høyem, og no nyleg til Bruk for Borni:
           
Bibelsoga ved Paulsen og Mo.     
           
Desse tvo Bøkerne er reint motsette kvarandre i Lag og Framferd.
           
Høyem si er vidtalande og mangordig. Forteljingi hans avklæder Bibelsoga dette Gamaldoms-Laget, som me er vane til; dette er væl paa ei Vis, og godt gjort paa sin Maate; men han hev drivet det væl vidt.
           
Kjende Namn umskriv og mistyder han jamt. Paradis kallar han Fagerhagen, Farisæararne kallar han Framifraakararne, Golgata Skoltehaugen. Det er mange, som vil mislika det; endaa fleire er det, som vil tykkja, at han hev nedsett Vyrdnaden, som høver Bibelsoga, med di han brukar mange Ord, som er litet aalgjengde og litet sømer seg i Aalvors-Tale, men meire, med di han legg Forteljingsmaaten for laagt, so det ikkje gjev det rette Gjenskin av Bibelens høge og heilage Stil 1) .
           
At det er langt ifraa, at det norske Maalet er Skuld i dette, visar den andre Bibelsoga, ved Paulsen og Mo.
           
Ho hev Vyrdnaden, ho hev helgeklædt den jamvæl, ho hev sveipat den inn i gamle Former og Bokstavar og gjerdat den inn.
           
Det trengst no inkje for Bibelvyrdnaden; den ver seg sjølv.
           
Det trengst inkje for Skulebonni held, - det er tvertum til Mein. Aa setja inn gamaldagse Ord og Former og Bokstavar, meir enn det er turvand, i ei slik Skulebok, det er aa leggja Steinar i Vegen for dei Smaae, som dei støyter seg paa, allvist i Austbyg- derne. Men betre er det likevæl aa køyra med eigi Greide paa auren Veg enn i leigd Vogn med Putur og Fjører, naar du maa betala Ferdsla for dyrt.
           
I ei Skulebok maa ein fyst sjaa etter det som er mest praktisk. Hellest vil Folk segja, at det er ei Bok, som er skrevi for aa gagna Maalstrævet og ikkje fyrst og fremst for Skulen Skuld.
           
Me skulde taka slik Segjing fraa dei.
           
Me kann hava ymse Meiningar um det norske Landsmaalet, korleids me helst vilde hava det. I Skuleverket skulde me do berre tenkja paa det mest praktiske og freista aa semjast paa det.
           
Men det er ikkje praktisk aa gjeva Smaabonn sovoret som V id arfang, ikt arbroten, V ine (Vener), Greine rna, D yrr (Dør), ljop (laup); Fleirtalsformer av Gjerningsord er au tungvinne for Bonn, allvist i Fortid slikt som dei skriko; Ivar Aasen hev au sleppt dei no.
           
Hellest likar eg Boki godt.
           
Ho er skipa likeins som den vesle av Vogt. Forteljingi er klaar og greid, noko stutt alltid for smaae Bonn, men naar dei hev høyrt det fortalt for seg, fyrr dei les, er det ikkje til Mein, og ei større Bok vart for dyr. Eg trur, ho vil gjeva Skuleverket vaart ein god Framstøyt; allvist, um ho kunde gjerast meir praktisk og lettlesi etter det eg hev nemnt, trur eg, at ho i mange Maatar stend yver den av Vogt.
           
Ho er væl verd aa prøvast i Skularne.        
           
Denne og so Høyem si utfyller kvarandre, endaa den som brukar Høyem si, maa gjera det varsamt og med myken Kritik.
           
Her er nokre Prøvur til Samanlikning.
           
Abraham er stærk i Troen. (Etter Vogt). Herren aabenbarede sig atter for Abraham og lovede ham, at hans Afkom skulde blive talrig som Himmelens Stjerner. Abraham var da gammel, og Sara var gammel, og de havde ingen Børn; men Abraham troede paa Guds Forjættelse, og denne Tro blev regnet ham til Retfærdighed.
           
Abraham sad i Døren til sit Telt, da Dagen var hed. Idet han opløftede sine Øine, stode 3 Mænd foran ham. Abraham løb hen til dem, bøiede sig til Jorden og sagde: Kjære! gaaer ikke Eders Tjener forbi; hviler Eder under dette Træ, og jeg skal hente Vand til at toe Eders Fødder og Mad til at vederkvæge Eder; derefter kunne I gaae videre. Og de sagde: gjør som du har sagt. Saa løb Abraham til Hjorden og fik slagtet og tilberedt en god Kalv, og Sara tog Hvedemeel og bagede Kager. Og han tog Fløde og Melk og satte for Mændene, og han stod hos dem under Træet, medens de spiste. Da sagde den ene: hvor er Sara, din Hustru? Abraham svarede: hun er i Teltet. Da sagde han: om et Aarstid vil jeg komme igjen, og da skal Sara have en Søn. Dette hørte Sara i Teltet og lo; thi hun meente at være for gammel til at faae Børn. Men den ene, som var Herren, sagde: mon nogen Ting er umulig for Gud!
           
Abraham er sterk i Trui. (Etter Paulsen og Mo.) Gud talade til Abraham i eit Syn og lovade, at Ætti hans skulde verda talrik som Stjernorna paa Himmelen. Og Abraham trudde Lovnaden, endaa Sara var gamall vordi og dei inkje hadde Born. Ein Dag, daa Abraham sat ute i Dyrri, saag han upp og vardt var tri Menner, som stodo utanfyre Tjeldet. Han gjekk burt aat deim, helsade deim og bad deim stadna ei Stund og kvila seg. So bar han fram Vatn til aa tvaa Føterne deira, og han bad Sara laga Kakor, men sjølv ljop han burt til Buskapen og tok ein Kalv, som han leet Drengen slagta, og reidde so til Mat aat Ferdarmennerne. Ein av deim sagde: Annat Aar desse Tider vil eg koma atter; daa skal Sara hava ein Son. Detta høyrde Sara, ho stod inne i Tjeldet, og ho log, for ho tykte, ho var for gamall til aa faa Born. Men Mannen, som var Gud sjølv, sagde: Skulde nokon Ting vera umogleg fyre Gud?
           
Den guðelskanðe Simeon. (Etter Høyem.) Ottedagar etteråt var det den tiða, at barne skulde bli omskore; og då vart han kalla Jesus eller frelsarmannen, slik som engelen hadde kalla han, føræn han var avla i morlive. - Men då reinskedagarne var til endes, bar Josef og Maria barne op til Jorsal for å syne det fram åt Vårherre i samhøve með det, som var førreset i Guðs lov, når det heiter: Alt det førstefødde, som er han av slage, skal vera invigd åt Herren! - No var det i Jorsal ein heiðerleg og guðelskanðe man, eitte Simeon; han stunda etter trøysta åt israel. Heligånden var i denne Simeon og hadde sagt honom, at han skulde få sjå den guðdomsvigde frelsarmannen, føræn han do. Denne gamlingen kom no in i jorsalskjørkja etter tilskunding av Heligånden, net i det same, at Josef og Maria kom inberanð með Jesus; og han tek då barne på henderne sine, ærer Guð og segjer: Ja, no Herre, kan du legge-att augo på tenaren din; for no fer han herifrå i freð, plent soleiðs, som du har lova-ut det; for augorne mine har no set den frelsingja di, som du jatta alle folkeferðom: eit ljos til openberring åt heiðingom og til guðdomsheiðer åt israelsfolke dit!
 
Simeon. ( Etter Paulson og Mo.) Um aatte Dagar, daa Barnet skulde umskjerast, fekk det Namnet Jesus, og som Engelen hadde sagt. Daa fyrti Dagar vaaro lidne, vardt Barnet boret fram fyre Herren i Templet i Jerusalem. Der var ein Mann, som heitte Simeon. Den heilage Ande hadde gjevet honom den Lovnaden, at han ikkje skulde døya, fyrr en han hadde fenget sjaa Frelsaren. Han møtte Josef og Maria med Barnet i Templet. Daa tok han Barnet paa Henderna sine, lovade Gud og sagde: Herre! lat du no din Tenar fara herifraa i Fred, so som du heve sagt. For Augo mine hava seet Frelsaren, som du heve lovat alle Folk.
                                                 
u.
 
 
1) Les til Dømes Stykket um Job; det tykkjer eg er det verste.