Stort og Smaatt.

Det største me heve lyt vera Kongen. Men han bur ikkje i Lande, aa han kann ikkje lastes eller anklages.
           
Etter honom i Høgsæte kjem væl den norske Regjering. Dei største Løner aa den største Stas høyrer dei til.
           
Sjaa dei i beste Klæom med Ordensteikn paa Bryste, raude og blaae Band um Halsen, - saa maatte du tru høgt um Storleiken. Snu so Tingen um, drag av dei Stasen, aa leita so etter Merkje paa Storleiken; prøv aa lata Gjerningen prisa Meistaren, so kanskje det minkar nokot med dei daa.
           
Vil du vera med aa glo litt paa Gjeralagje, so ligg det i tri Luter. Den eine finn me i Lovtidende, den andre i Departementstidende, aa den tredje i Framlag fyr Storthingje.
           
I den fyste fløjmer der med Avgjerdsler um Sundhedsvedtegter Politiforskrifter aa Brandforskrifter. Ja det var so smaatt.
           
I Departementstidende ligg Visdomen utgreidd; den maa vera stor, med di Bokji er so tjukk. Men kven er det, som les den Boki? Ho vert nok helst liggjande heime ulesi, naar ein tek undan, at dei sjølve ein og annan Gong slær ho upp frametter Tidi, naar dei skal skriva nokot nytt um same Sakji, daa det maa verta likeins som det, der er skrive fyrr.
           
So der hjelper ikkje Storleiken.
           
Framlagji for Storthingje, det er fleire store Bøker. Mest gjeng dei ut paa aa varna um seg sjølve aa sine Eigne, fortel, kor mykje dei hev aa gjera, aa kor mykje dei treng.
           
Er daa det so stort?
           
Du kjem daa kanskje paa det, at eit lite fatikt Folk som vaart, det heve ikkje anna enn Smaatt seg imillom.
           
Ja Gud betre oss, det kann vera altfor sannt; men so heiltut jamsmaatt kann det daa ikkje vera alt hell.
           
Eg skal visa, at her kunde vera store Ting for ei Regjering aa gjera!
           
Her gjeng fraa eit til tvo tusund Menneskje ut or Lande til Amerika kvar Vika. Dei gjissar paa, at iaar vert det 50,000 ialt.
           
Men dette maa ikkje vera til aa bry seg um, dette, daa Regjeringji hev ikkje eit Ord aa yta um det. Nokre Aar sidan hadde Regjeringji Umsut med, at Utvandrararne kom væl fram. Tvo Forskrifter kom, den eine sagde, kva Rom der skulde til for kvar Mann, reint aa friskt; den andre kravde Kapsjon av dei, som skipa dei til Utferd.
           
Men at Lande tømest hardt ut for brukføre Folk, kva det kann gjera for Landsens Velferd, de blandar ikkje Regjeringje seg i.
           
Daa her grodde ein Hug upp til aa bruka vaart Heimemaal i vaart Heimehus, var det so det kvakk i Flokken deira. Men no er dei likesæle, um me brukar det me eig hell det me laanar.
           
Heile vaart Riksstell talast der um, trast tvo møtast i By hell Bygd; men Regjeringji maa ikkje finna noko aafaatt i det, daa ho læt ikkje Munnen upp.
           
Skal tru dei hev Dotter i Øyro?
           
Her er det, som liver aa rører seg i dei smaae og tronge Kaar; men det ligg væl so langt nede, at det varar ikkje dei. Det maa vera for langt imillom.
           
Dei sit i Høgsæte, dei, med Inntekti og Uniformerne aa Stasen; dei meiner nok, dei sit trygt.
           
Ei gamal blind Kjering sat i Kjyrkja og høyrde Presten preika so vent. Der sat ho murra med seg sjølv: Gud late Presten døy, aa Futen liva lengje! Futen var der, han au, og undrast paa detta, daa han minntest ikkje hava gjort noko godt. Utkomen spurde han Kjeringji ukjend, kvifor ho bad Gud lata Futen liva lengje. Ho forklaarde daa si Meining so: Eg kann minnast sju Prestar, den seinre altid betre hell den fyrre, og tok no Gud denna, trur eg me maatte faa vaar Herre sjølv til prest. Men eg kann minnast sju Futar au, den seinre altid verre hell den fyrre, aa døyr no denna, eg er rædd me fær hin Vonde til Fut!
           
Skulde me minnast og vonast som Kjeringji, so lyt me segja fri oss fraa ei ny Regjering!                   
H.