Bibelen og dei moralske Reformer.

[Del 3 av 5. Første delen]
 
(Foredrag av Principal I. Macy i Iowa Collegiums kristelege Samlag.)
 
(Framhald.)
 
Kva lærer no Bibelen um Maatehald? Noa, den beste Mannen i si Tid, vart eingong dyrisk drukken. Dette, maa me tilstaa, er ingi god Byrjing for eit Maatehalds-arbeid, som vil stydja seg til Bibelen.
           
Nokre faae Mannsaldrar seinare finn me eit klaart og tydelegt Avhaldsbod mot Blod. Dette Bodet galdt ein Skikk, som lang like innved Kannibalismen (aa eta Folkekjøt). Det vilde ha høvt godt med vaar Tenkjemaate, um Moselogi saman med Blodet hadde forbodet alle Former av alkohol-blandat Drikka. Me kann, maahenda, ikkje finna nokon Grunn for, at Jødefolket ikkje med ein Gong vart skipat til eit Kaldt-Vatn-Samlag ved klaart og beint Paabod. Men me leitar faafengt i den gamle Uppskrifti etter slikt eit Bod. Likevæl er det ei Sanning, at Moselogji og Bibelen heilt igjenom forbyd og fordømer Fylla. Alle stader heiter det: du skal vera heilag, du skal vera rein. Den høge Renleikslogi vert forkynnt gjenom dei heilage Skikkar og gjenom klaare Ord. Logi er so høg, at enno, etter mange Aldrar av Framgang, viser Mannen seg aa vera urein, dømd etter den. Korleis kann Mannen verta rein, segjer Job, naar ikkje eingong Stjernurne er reine i hans Augo?
           
Bibelen set upp Grunnsetningar. Utvortes Hendingar hev i Bibelen berre Vigt, ettersom dei syner fram Grunnsetningar og Framgangs-Maatar. Forbodet mot aa bruka Blod gjeng i Formi imot ein villmannsleg Skikk; men det høyrer til Ceremonial-Logi og hev altso ei djupare Meining. Ceremonial-Logi elder Logi um dei heilage Skikkar fyreskriv paa det grannaste alle utvortes Gjerningar; men likevæl fær me vita, at desse Gjerningarne hev ingenting paa seg. Det, som skal vinnast, er aandeleg Sannkjenning. Logi var ein Tuktemeistar til Kristus. Kristus kom for aa skipa eit nytt Rike. Han kom ikkje for å gjera Umbrøyte i Folks ytre Framferd; hans Gjerning var aa leggja ned i Mannshugen dei Sannings-grunnsetningarne, som etterkvart skulde skapa ei ny Verd. Hans Rike er eit Rike i Framgang. Ørlitet i sitt Upphav kjem det ikkje til sin rette Herlegdom, fyr Aldrar av Framstig er gjengne.
           
Kristi Liv og Læra forklaarar og framsyner Bibelens Maate aa lyfta og frelsa Ætti paa. Bibelens Sanning, slik som ho kjem til kvar einskild Sjæl, krev heil Fullkomenskap i alle Ting. Men det er ein vælrøynd og viss Ting, og Bibelen vedgjeng det sjølv paa det klaaraste, at det ytre Livet aat Mannen er inn-grenst og i mange Ting bundet av det Samfundet, han liver i. Men Samfundet elder den store Folkemengdi kann ikkje drivast til aa forandra meir enn ein elder eit Par Uskikkar i Senn. Framgangen i Samfundet gjeng difor berre smaatt. Det gjeld aa faa burt ei Hindring elder driva fram ein ny Skikk um Gongen. Ein rettvis Mann er, i sitt Høve til Samfundet, kallad til aa hava Syn for dei Hindringarne, som stend mest i Vegen for Framgangen, og gjera alt det han kann for aa faa dei burt. Kvar Ætt vil hava sitt serskilde Arbeid, og dei moralske Fyregangsmenn i kvar Tid hev det Kallet aa leggja si Magt paa det Arbeidet, som deira serskilde Ætt treng mest til.
           
Bibel-Læra forundrar oss baade ved sitt Langmod og ved sin Eldhug.
Tusund Aar er romlegt utmælte til det Arbeidet aa øydeleggja Avgudsdyrkingi hjaa Israelsfolket; og likevæl vart dei rettvise Menn i kvar Ætt kallade til aa arbeida imot denne Syndi so strengt, liksom alt kom an paa deira serskilde Arbeid. Skal ein gjera nokot for aa lyfta sitt Folk i Moral, so maa det gjerast snart. Ein maa samla si heile Kraft um nokre faae Ting, og arbeida med Eldhug. Gud hev all Tid, og eig alle Raader, til aa utføra sitt Verk; for Mannen gjeld det aa arbeida medan det er Dag.
           
Jesus Kristus hev i si Læra og i sitt Liv synt oss det Langmod, som er av Gud, og den Eldhugen, som høyrer til den fullkomne Mannen. Læra hans hev alle Aldrarne til aa uppfyllast i. Hans Ord høver til vaar Trengd, og vil høva til Turfterne aat det Samfundet, som ingen Mannatanke hev drøymt um. Men i sitt Liv, i sitt personlege Arbeid for den Ætti han livde i, lagde han si Magt paa aa utføra einTing: aa læra Folket aa taka imot han som den guddomelege Læraren. I dette Arbeidet hev han den fullkomne Mannens heile Hast og heile Eldhug. Døyparen Johannes laag ute i Øydemarki og eggjad Folkehugen ved sine Serskapar. Jesus Kristus kom paa den rolegaste og minst uppstyrsame Maaten like inn i det aalmenne Liv og dei aalmenne Vanar aat Tidi og Ætti. Han til-leet tusund Uskikkar aa liva i Fred; Livsvanar, som eit meir framkomet Samfund vilde fordøma, leet han vera for det dei var, so lengje. Han hadde sin serskilde Gjerning i Tidi, og for aa faa den gjord, tok han TIdi som ho var. Han og Læresveinarne hans drakk den Vinen, som daa var i Bruk i Palæstina, utan aa spyrja etter, kor mange Prosent Alkohol han inneheldt. Kristus og Læresveinarne hans betalad den aalmennelege Skatten; det hadde litet paa seg, kor mykje Gudløysa og Rotenskap der liksom var innsveipt i kvart pengestykket, som gjekk til Cæsar. Eg tenkjer det vilde ha voret heilt kjært for dei Mennerne, som av Gud hadde fengje Kall til aa setja seg imot dei Skattepaalegg, Karl den 1ste av England hadde uttenkt, um Kristus hadde etterlatet seg ei heil Dunderpreike mot Cæsar. Men Kristus gjorde ikkje det. Han betalad Skipspengarne sine. Hampton sagde han vilde døy, fyrr han vilde betala sine; og me trur, at Hampton hadde Kristi Aand.
           
Kristus segjer ingen Ting um dei, som i hans Tid heldt Trælar. Tarv me difor tvila um, kva han tenkjer um Trældomen i vaar Tid? Kristus innførde ingi Umbot i Mat elder Drikka. Maa Kristi Læresveinar av den Grunn all Tidi halda seg ifraa aa retta paa vonde Vanar i den Vegen?
           
Dette Syn paa Kristi Lærdom er ikkje berre nokot upptenkt; det kjem klaart og umistydande fram i sjølve Bibelen. Kor tidt sagde ikkje Kristus til Sveinarne sine, at den gamle Ætti hadde fengje den elder den Fyreskrift, men at han no gav dei ei ny og ulik? Moses tilleet ymse Ting, som ikkje var som dei burde, fordi at Tidi hans var so hard (for Hjerternes Haardheds Skyld); mange av dei Ting gjorde Kristus no um. Og han sagde beintfram, at han endaa hadde mange Ting aa segja Læresveinarne sine, som dei ikkje no kunde bera; men han vilde senda dei sin heilage Aand, som skulde rettleida dei til all Sanning, og minna dei um det, som han hadde sagt dei. Denne heilage Aand vart lovad, ikkje berre til den eine Ættleden, men til alle Ætter fram gjenom Tiderne.
           
Kristi Læra er for Aldrarne, ikkje for ein Alder. Men Kristus hadde eit serskildt og sermerkt Arbeid i si eigi Ætt, og i dette Arbeidet syner han den same Iver og Eldhug som Moses, Elias, Nehemias, endaa hans Eldhug er av eit annat Slag enn den, me finn hjaa vanlege Reformatorar. Han stirde seg ikkje blind paa utvortes Ting, som mang ein Reformator i sin Iver kann gjera, og han kunde ikkje fangast i trongsynt Fanatisme; ettersom Eldhugen hans steig, vaks Syne hans med.
           
Han grunnlagde eit Rike, der Rettferdsverket skulde fremjast i det lange Taket av Guds vedkjende Tenarar. Mot Syndarar og Fallne viste han Medynk og Naade; men dei, som vilde vera Guds Tenarar, men ikkje var det i Sanning, refsad han so strengt, at der finst ikkje Make til Avdøming i Historia. Han skulde snart forlata Verdi; Sanningi hans var berre halvt framførd, og han skulde grunnleggja eit Samfund, som skulde vera Beraren av Sanningi gjenom alle Tider. Korleis kunde slikt eit Samfund halda seg i stendig Framgang, allstødt kraftfullt og friskt? Svaret finn me hjaa Kristus sjølv. Dei, som vilde vera Guds Tenarar, maatte vera ærlege og altid opne for Sanningi. Dei Skriftkloke og Farisæararne gav seg ut for Guds Tenarar. Dei var Lærarar i Guds ovangjevne Sanning. Og dei visste, at der skulde koma ei fullkomnare Openberring. Dei skulde altso, etter heile si Stilling, voret dei fyrste til aa taka imot den nye Sanningi. Men den nye Sanningi forkastad dei, og vilde endaa gjelda for Guds sanne og mest trufaste Tenarar. Det var desse Menn, Kristus refsad meir enn alle dei andre store Syndarar i Tidi.                
 
( Meir.)