[Stortinget...]

Stortinget hev havt eit Ordskifte um Andreas Munch, der det kom fram fleire rare Ting. Han hev fyrr fengje 1840 Kronor av Rikskassa for aa vera Professor ved Universitetet (han hev aldri halde ei Fyrelesing og hev i mange Aar butt i Danmark, der han eig so mykje, at han hev 26,000 Kr. i Rentor) no skal han faa den same Summen som Diktar.
           
Hans Ross fær heretter som fyrr 3500 Kr. for aa studera norsk.
           
Odelstinget hev vedtekje ein Lov um Utnemning og Utskjeing av Underoffiserar. Høgre var imot Loven.
           
Um at Regjeringi ikkje vilde betala ut dei Pengarne, som Tinget havde bevilga til dei av Hernemndi som utanfor Tingtidi fekk i Stand Herloven, hev Odelstinget med 61 mot 28 R. tekje den Raad aa lata eit komande Odelsting gjera det, det finn naudsynlegt (Hurum, Didriksen, Berg og By var med Venstre).
           
Aatferdi, Regjeringi bruka mot Alb. Jacobsen hev Odelstinget misbilliget med 48 mot 32 R. (Her var Didriksen, Berg og Bye med Høgre.)
           
Lagtinget hev sagt ja til fleire Lovar som det hev fengje fra Odelstinget, men Konfirmasjons-Loven vart avteken mot 2 R. (J. Smitt og Essendrop.)