[Notisar]

Kristiania, den 2dre Juni.
 
Aftenposten vil og forstaa seg paa Maalgreiur no.
Ein glatt Is aa vaaga seg utpaa det, Hr. Amandus Schibsted!
 
 
Lovlydige Folk. Endaa at sjølve Aschehoug hev sagt, at ein maa bøygja seg for Storthingsavgjerdi um Myrmennerne, krev Mgbl. like fullt, at Valstyri skal reisa Rygg mot Storthinget og Grunnloven i dette Stykket.
           
Kor lengje tru Morgenbladet skal faa Lov aa gaa laust, tru?
 
           
Det er ikkje Under, at Regjeringi og dens Menn vrid seg for ei Vidking av Røysteretten. Utfallet i Kristiania Arbeidarsamfund viser, at um Røysterettsreglarne var nokonlunde rettvise, so vilde sjølve Kristiania faa liberale Thingmenn.
           
Me vil ikkje snakka um dei andre Byarne. I mange av dei hev Vinstre Magti alt no.
           
Slik stend det! Høgreflokken er til som politisk Fylking i Kraft av rangvise Røysterettsreglar; var Loven som han etter Tid og Høve burde og skulde vera, - so rauk heile Fylkingen til Havs.
           
- Og dette Partiet er det, som vil hava Rett til aa styra Norigs Rike!
 
 
Hr. Bjørnson! De taler ikke som en Nordmann! var det ein Mann som skreik, daa Bjørnson i Arbeidarsamfundet heldt sitt fagre, klaare og rolege Foredrag Leve Kongen Unionen og Fædrelandet.
           
Daa Mannen skulde til aa greida for seg, var han burte. Namnet hans fekk ingen vita. Det var ein Riddar med stengt Vizir.
           
Det hev voret sagt, at Mannen var fraa Drammen. Andre hev sagt, at han var fraa Departementet. Men me kunde hava Hug til aa segja med ein gamall og kjend Vits, at Mannen vist helder var fraa Forstanden.
           
 
I Ægypten er det fælt til Staak. Kongen der (elder Underkongen, for Landet skal no liksom høyra til Tyrkriket), han heiter Tevfik, og Krigsministeren, Arabi Bei elder Arabi Pasja, held paa aa setja einannan av. Men Folket, det vil segja Heren og Prestarne og nokre andre Storkarar, segjer, dei skal vera Vener, og no skal dei daa freista paa vera det. Men England og Frankrike hev sendt Krigsskip dit og vil og hava noko aa segja. Me fær no sjaa korleids det gjeng.