["Naar Kongen kalder"...]

Naar Kongen kalder, skal Oberstløytnant Bull ha sagt i ein Tale til Soldatarne paa Eksismoen Ulven, daa gaar vi, enten det er mod ydre eller indre Fiender, ja mod vor egen Far og Bror.
           
Hm. So dei Tankarne skal prentast inn i Soldaten no.
           
Oberstløytnant Bull skal i same Talen ha sagt, at Kongen er Hærens øverste General og Herre. Soldaten skal altso no lærast upp til aa tru, at det er Kongen personlegt, han tener, og ikkje Fedrelandet.
           
Og naar Kongen personligt kallar, so skal Soldaten gaa, um det so var mot sitt eiget Folk, ja um han so vart nøydd til aa stinga sin eigen Far ihel med Bajonetten elder slaa Heilen ut paa Bror sin med Geværkolba.
           
Kva skal det vera godt for, at ein Embættsmann stend og forkynner slikt for sine Undergjevne, - for dei, som han etter Embættsplikt fyrst og fremst skulde læra upp til aa elska Fedrelandet?
           
Ein Oberst tarv kanskje ikkje hava so fælt mykje Vit. Men det vesle han hev, det skulde han væl bruka!
           
Det forstend seg: var her Tale um, at nokon vilde gjera Upprør og bruka Vald mot Landet elder Landsens Fridom, so maatte Kongen senda Soldaten ut.
Men me hev ikkje høyrt andre snakka um Upprør enn Novemberformannen Karl Gulbranson, som meinte, at Landet kunde koma til aa fløyma i Borgarblod, og so Mgbl., Fædrl., Thj. Adr. og desse Kadetkvalparne ned paa Horten, som vilde vera so glade, dersom dei fekk Ordre til aa sprengja Storthinget. Er det mot dei, Oberstløytnant Bull tenkjer seg, at Kongen skulde bruka Hærmagt? - Aa nei væl.
           
Elder tenkjer han som Mgbl. og dei Folk, at Kongen ein Dag kunde finna for godt aa sætte tilside de juridiske Distinktioner, d. v. s. kasta Lov og Rett yverbord, for aa vinna meir Magt? Og trur han, at um Kongen gjorde dette, so skulde den norske Soldaten . . . hjelpa han med Arbeidet? Ja drepa sin eigen Far, um denne vilde verja Landsens Rett og Æra?
           
Ja, ikkje veit me. Men ein Ting veit me. Hev Hr. Oberstløytnant Bull sagt slikt, - so hev han ikkje soget det or sitt eiget Bryst. Daa hadde han aldri vaagat aa koma med slikt paa Embætts Vegne. - -