Eit Stykkje av Kolosserbrevet.

(Prøve paa ei Umsetning).
 
III. (1) Era De daa uppreiste med Kristus, so søkje det, som er ovantil, der Kristus sit ved Guds høgre Haand; (2) sanse det som er ovantil, inkje det som er paa Jordi! (3) For De hava døytt, og Livet Dykkar er løynt med Kristus i Gud; (4) naar Kristus vert synberr, som er Livet Dykkar, daa skal De og saman verta synberre medhonom i Herlegdom.
 
(5) Døyde daa Lemerne Dykkar paa Jordi: Hordom, Ureinskap, Ovhug, vond Lyst, og Vinnesjuken, som daa er Avgudsdyrking; (6) ved dette kjem Guds Vreide yver Vantrudoms Søner. (7) Millom dei ferddest De og eitid, daa De livde i dette. (8) Men no leggje og De det burt alt saman: Harm, Vreidske, Vondskap, spottande Ord, skamleg Tale or Dykkar Munn; (9) ljuge inkje mot kvarandre; De hava daa avklædt Dykk det gamle Menneskje med Gjerningarne til det, (10) og iklædt Dykk det nye, som nyast upp til Sannkjenning etter Bilætet hans, som skapad det; (11) der det ikkje er Hellener og Jøde, Umskjering og Forhud, Villmann, Skyter, Træl, Fri, men alt og i alle er Kristus.
           
(12) Iklædest daa som Guds Utvalde, Heilage og Kjære eit ynksamt Hjarta, Godleike, Mjuksinn, Mildsinn, Langmod, so De lida kvarandre og tilgjeva kvarandre, (13) um Einkvar hev ein Anke mot Nokon; (14) liksom Kristus og tilgav Dykk, so gjere ogso De, men attaat alt dette Kjærleiken, som er Fullkomenskapens Band. (15) Og Guds Fred raade i Hjarto Dykkar, den De ogso vart kallat til i ein Lekam; og verte takksame. (16) Kristi Ord bu hjaa Dykk rikeleg, so De i all Visdom læra og paaminna kvarandre med Salmar, Lovkvæde og aandelege Songar, so De kveda fagert i Hjartat Dykkar for Herren. (17) Og alt som De mun gjera i Ord hell i Gjerning, alt i den Herre Jesu Namn, so De takka Gud og Faderen ved honom.
 
(18) Konur, De skal vera Dykkar eigne Menn undergjevne, som det sømer seg i Herren. (19) Menn, De skal elska Konurne Dykkar og argast inkje paa dei. (20) Born, De skal lyda Foreldri i alle Ting, for dette er tekkjelegt for Herren. (21) Fedrar, De skal ikkje øsa upp Bonni Dykkar, paa det at dei skal ikkje verta huglause. (22) Tenarar, De skal lyda i alle Ting Dykkar lekamlege Herrar, inkje med Augnetenest liksom for aa tekkjast Menneskje, men med vælmeint Hjarta, med Otte for Gud. (23) Og alt som De mun gjera, gjere det av Hjartat som for Herren og ikkje for Menneskje, (24) De veit, at fraa Herren skal De faa Arvluten til Løn, for de tena Herren Kristus. (25) Men den, som lid Urett, skal faa igjen for det han leid, og det gjerest ingen Mannemun. IIII. (1) Herrar, De skal gjera Rett og Likskap mot Tenararne, De veit, at De og hava ein Herre i Himlarne.