Ny Bok.

Stiftskapellanen Alf Baartvedt vil gjeva ut ei Bok paa Norsk, som skal heita: Kristeleg tru og livnad. Me trykkjer av Meldingi hans. Det er gjævt, at Prestar alt vaagar seg til aa skriva Bøker paa Norsk. Ei høvelege bok um dette Emne veit me det er stor Trong til, so me trur Folk vil helsa Tiltaket hans med Fagnad. Allvist for Lærarar i Bygdarne maa det vera kjærkomet og gagnlegt aa faa Kristendoms-Grunnarne utsette i Samanheng og i norsk Form. Um Skrivemaaten hans skal me no berre segja, at me tykkjer han gjerne kunde hava bruka j noko meir etter g og k og skrevet kjem og Gjerning inkje kem og Gerning, som han gjer; for daa er det noko tyngre aa lesa.
           
(Boki) er eit kortfattad lære-historisk handbok fyr skule og heim. Um uttala er at marka: øy som øi, i ofta som e og u som o; y ofta som ø; g og k oftast som gj og kj fyre e, i, y, æ, ø og øy: d ofta utan ljod. Forfattarn har gått ut frå, at norsk mål kan skrivast so, at vore born forstår det betre enn dansk og svensk, og med desse to mål er vort saman um mange ord. Val af ord og retskrivning rettar seg myket etter oldnorsk, som so merkande liver på tunga vor. Det oldnorska er ein dyr arv og eit kært minne um den gamla tidi og talar betre enn bautasteinnar og gamle sverd. At redda vort morsmål frå undergang er ei folkesak av fyrste rang, og ei sak som er større, ja den størsta av alle, er, at vi vert glade i Guds ord, og lat oss difyr få høyra og lesa detta ord i vort eiget mål. På alle mål er bibeln sett yver utan på norsk. Snart kann han og med Guds hjelp koma til oss. Det har no voret en eigentlige tanke med denna boki, som kallast kristeleg tru og livnad, at gera vor barnalæring meir kær og heimleg ved at klæda henne i vort morsmål, og at hjelpa lærarn at finna lette og høvelege ord fyr det djupaste i vor kensla, den kristna trua. Grunntanken i boki er: Detta er skrevet, at de skal tru, at Jesus er Kristus, og yveralt er lagt an på at vera tru mot den lutherske bekenning. Fyrst er um trua, og under trua på Fadern er historja i gamle pakten sett fram i grunndrag, og ettertrykket kviler på, at Fadern etter sitt evige frelseråd sender Sonen; den allmegtige Skapar er som ei næmare tyding av, kven vor Fader er. Under trua paa Sonen er historja i nye pakten til pintsen sett fram for at visa, at Jesus af Nazareth etter person, gerning og livskår er den i 4000 år lovade Kristus Guds Son. Under trua på Heiligånden går historja ut frå pintsen, med beskriving av den kristne forsamlignen og korleids Ånden alltid seinare i tidi har lagt fleire og fleire til ved dei heilige nådemedel dåp, ord og nattverd, som her næmare vert uttydde i den orden, vi brukar deim i den lutherske kyrkja. So kem um kristeleg livnad, at ein kristen liver i bøn ( fader-vor) og lyding (dei ti bud). Den bibelska historja er soleids lagt til grunn i læra, at ein er nøydd at lata henne fylgja med stig fyr stig. Derav namnet lære-historisk handbok. Her er ein prøve på innhaldet. (Under trua på Sonen), 5. Heile Jesu livsgerning og livskår vitnar fyr oss um, at han og ingen annan er Kristus. Kristus skulde etter sitt namn vera profet, prest og konge, for slike vart salvade, kristnade og ved salvingi innvigde til sin gerning.
           
Profeten, den heilige spåmann, skulde vera Guds munn og gå hans erende, genom profeten talad Herren i Israel, tugtande, trøstande og manande til tru på Messias, som var i vente. Han hadde evne til at gera under og gåva at sjå og spå um den nya tidi og hennar fylling. Det eina som det andra stadfestad, at Gud var med honom, og hans ord at lita på. Men den største profet sku vera Messias sjølv. Og etter at Gud hadde talat ofta og mangleids åt federne genom profetarne, so har han no i desse siste (uppfyllande) dagar talat åt oss genom Sonen, Jesus av Nazareth, som var ein profet megtig i gerning og ord fyr Gud og alt folket. Jesus ger under og tekn, stiller storm, mettar folk i tusundtal med få brød og fiskar, giv blinde syn, reinsar spedalske, driv djevlar ut ved Guds finger, vekker upp frå daude og preikar fyr fatige den gode tidend: Sæle er dei fatige i ånd, for deira er himmerike. Kom åt meg alle, som arbeider og er nedtyngde, eg vil giva dykk kvild. Lær av meg, eg er sagtmodig og ydmyk av hjarta. Han talar til oss med og utan likningar um seg sjølv, sin gerning og rike sitt. Med honom og rike hans forheld seg, som når ein mann går ut og sår, som med ein man som sådde god sæd i åkern sin, som med ein konge, som gjorde brudlaup åt sonen o. s. v. Jesus lærer os i få og klåre ord, korleids vi får del i rike hans. Ikke alle, som seger Herre Herre kem inn i himmerike, men den, som ger som min Fader i himlarne vil. Og detta er hans vilje, at vi trur på honom den einaste sanne Gud, og paa den han sende ut, Jesus Kristus. Utan de vert fødde atter av vatn og Ånd, kann de ikke sjå Guds rike. Ingen kem inn, utan han snur um (i sind og tanke) og vert som barn. Den som høyrer desse mine ord og liver etter deim, er at likna med ein mann, som bygde huset sitt på fasta berget. Ogso dei, som var Jesus imot, forundrad seg yver honom, når han talad, for han talad som den, som hadde myndigheit og ikke som dei skriftlærde. Desse sende eingong sine tenarar ut for at gripa honom; men tenarne vart sjølv so grepne av hans ord, at dei kom heim med uforrettad sak og sa, at som han hadde dei aldri høyrt nokon tala.)
           
Bogen vil blive omkring 100 Sider 8vo til en Pris af 1 Kr. For 10 betalte leveres 11 Exemplarar. Den anbefales Lærere paa Landsbygden, og Bestillinger bedes snarest muligt indsendte til Undertegnede, paa hvis Forlag den udkommer.
           
Kristiansund i Januar 1882.
S. O. Jullum.