Dette her hev me fengje, med Krav paa, at det skal inn:

Til Fedraheimen! I eit av dei sidste Nummer av Fedraheimen stend paa sidste Sida eit lite Stykkje, som - sovidt eg hugsar lyver slik: Hr. Pastor Asperheim hev funnet up og tekjet Patent paa ein ny Inretning til ein Karjol; der hev vist Asperheim gjort nokot tilnyttes!
           
Naar De Hr. Redaktør understrikar der, som De hadde gjort, er det ikkje vandt aa skjyna, kvat De meiner med denne Anmeldelsen. De trur altso ikkje, Hr. Redaktør, at pastor Asperheim er tilnyttes paa andre Leier, enn til aa finna up nye Kjøregreiur? Dette var stridt! Det var ikkje fint sagt om ein Mann som Pastor Asperheim, og naar me kjem ihug, at Pastoren og Fedraheimen i den sidste Tid hev voret usamde og legjet i Strid om fleire Ting, sosom om Fedraheimens Forhold til Kristendomen o. m., er ei slik svivyrdeleg Tale enndaa meir ufin, daa det visar, at ein Strid om Meiningar hev gjengjet yver til Uvilje mot sjølve Mannen, og ein slik Maate aa taka det paa, er ikkje, som det bør vera. Det er upasseleg aa bruka personlege, nedsetjande Ytringar om ein Motstandar, om dei so kunde vera nokso sanne og raakande, men naar dei, som her, heller ikkje det er, daa er det laakt. Eg kjenne Asperheim og veit, at han er agtad og avhallen av Aalmugen som faa, og det fortener han aa vera. Eg skulde ynskje me hadde mange slike Prestar utover landsbygdarne, - me vilde vera vel tente. Asperheim er ein Mann, som utfyller sin Plads baade som Prest og Menneskje, so han vist baade hev gjort og eg vonar kjem til aa gjera godt ogso paa andre Leier, enn den De Hr. Redaktør hev nevnt.
           
Eg skal ikkje blanda meg up i Pastorens og Fedraheimens Strid, men eg vil berre faa Lov til aa segja det, at hev Pastor Asperheim teket imist, og det er utruleg, at han kan hava gjort det i enkelte av sine Paastandar, soleids i sit Døme om den naturalistiske Digtning, - so hev han, det er eg viss om, gjort det i god Tru og ikkje av personleg Uvilje mot Fedraheimen.
           
Saudland i April 1882. n.