Den nye Bibelsoga utkomi.

Hr. Bladstyrar! Fraa fleire Kantar hev eg fenget Spursmaal um, naar Bibelsoga ved Paulson og Mo kann ventast, um kor stor ho er, korleis ho er lagad med Utstyr og Prenting o. s. v. Men serlegt ser eg, at Folk hev Hug aa vita, kva Maalform me hev brukt i denne Boki.
           
Ho er utkomi no, og fraa Forleggjaren Gjertsen i Bergen kringumsend til Bokhandlararne, so det er i Utrengsmaal fyre meg her aa nemna nokot um Utstyret. Berre um Skrivemaaten vaar skal eg faa Løyve til aa gjeva ei liti Rettleiding liksom til Fyregjerd mot Ettersnakk. Hr. Paulson hev tilstelt Forteljingarne av det gamle og eg Forteljingarne av det nye Sambandet. Um ikkje me hadde voret nøydde til det av Vestmannalaget, som utgjev Boki, vilde me likavel hava skrivet i Maalformi til Ivar Aasen ei Bibelsoga paa denne Tid. Ein av Seminarlærararne, som ikkje var Maalmann, sagde, som eg kan minnast, at en Ting maatte han være enig i, nemlig ubetinget Godkjendelse af Aasens Normalform i et norsk Skriftsprog, der ligesaavel som Skriftsproget i andre Lande for at besidde Autoritet og Værdighed maatte ligge i den nødvendige literære Høide over det hverdagslige Omgangssprog, og allerhelst i religiøst Skriftslags. Eg maatte gjeva Mannen Rett i detta fyr 21 Aar sidan, og maa gjera det den Dag i Dag.
 
Hadde eg raadt meg sjølv, vilde eg vistnog ikkje hava brukt den verbale Fleirtalsformi, som eg trur det vil vera raadlaust aa halda Liv i; men umfram det, at andre laut faa raada fyr detta, hev me prøvt aa attergiva dei bibelske Forteljingarne so barnlegt, lett og i os vandelause Ordlag som fyr oss mogelegt.
           
Vilde fleire norske Blad vera so vensame aa taka inn detta vesle Stykket, var det kjært.
Ærbødigst
Hans Mo.
Bergen den 18de April 1882.