[Var her ikkje Veto...]

Var her ikkje Veto, so kunde Nordmennerne segja Kongen upp kva Dag dei vilde, segjer Høgre.
           
Ja; men skulde det vera so leidt -?
           
Dersom me kom til det, at me vildevera av med Kongedømet, skulde me daa tykja det var slik Høgtid, um me ikkje kunde? Skulde det med andre Ord vera so bra, at Kongen kunde tvinga seg innpaa oss, anten me vilde elder ikkje?
           
Me kann ikkje forstaa det.
           
- Jau, segjer Høgre, i det Stykket bør Nordmennerne vera bundne. Dei var ikkje frie, dersom dei ikkje var bundne her, og det for all Tid.
 
Ja, som sagt: det er Hebraisk for oss.
           
Dersom ein Mann feste seg ein Fullmegtig paa dei Vilkar, at han aldri skulde kunne segja Fullmegtigen upp, um so denne styrde Garden elder Forretningi aldri so daarlegt, vilde me so finna, at den Mannen hadde stellt seg so utifraa klokt? Vilde me ikkje helder segja, at han hadde faret aat som ein Tosk, og gjort seg til Træl i sitt eiget Hus? Jau, det vilde me segja. Og alle Høgremenn vilde segja det same.
           
Men eit heilt Folk, som baade liver mange Gonger lenger enn ein einskild Mann, og som dessutan liver eit i historisk Meining langt vigtigare og større Liv enn han, - eit heilt Folk skulde vera so væl faret, naar det batt seg for ævelege Tider, so at det ikkje kunde segja Fullmegtigen sin upp, um det vilde? - Det er ein underleg Tale.
           
Men lat no det vera for det det er.
           
Det me her vil spyrja um er, kva Høgremennerne trur at eit Veto kunde nytta Kongen i det Tilfelle at han vart uppsagd.
           
Me gjeng ut ifraa, at Folket ikkje uppsagde Kongen, utan det hadde sine Grunnar for det, m. a. O.: at det ikkje gjorde ein slik Ting, med mindre det fullt og fast vilde vera Kongedømet kvitt. Og so valde det ei Nasjonalelder Riksforsamling av Fristatsmenn og sagde gjenom den: Norig skal fraa no av ingen Konge hava, men vera Republik.
           
Kongen svarad: Veto.
           
Men kva vilde so det nytta? Kva vilde det nytta, at ein avsett Konge sagde veto?
           
Kva skulde han i det heile gjera? var Kongedømet avlyst, so var det med det same ute med alle kongelege Prærogativer. Og naar Folket avtok Kongedømet, so inndrog det naturlegvis Kongeløni med det same, og sette Hæren under ny Kommando, - under Kommando av ein norsk Mann.
           
Skulde Kongen kunna gjera nokot ved dette, maatte han vel altso bruka Magt, - han maatte med ei framand Hær rykkje fram mot Landet og prøva paa aa hærvinna det. Det vart altso ikkje Vetoet, men den framande Hærmagti, som i Tilfelle skulde frelsa hans norske Kongsstol. Men den same Hærmagti kom han vel til aa bruka dersom han fekk henne daa! um han ikkje hadde havt nokot Veto. Kva Nytte hadde han so havt av Vetoet? Ikkje den minste.
           
Det einaste, Vetoet vilde gjera, um han hadde det og brukte det, det var, at det vilde eggja Nordmennerne dess snarare upp til aa innføra Fristaten. - For eit Folk gjer ikkje slikt, utan naar det vert upptendt i Harme.
           
Altso: Kongen kann hava absolut Veto so lengje han vil; fraa aa verta avsett kann det ikkje berga han. Er han avsett, so er Vetoet avsett med: det gjeld ikkje lenger daa. Men Vetoet kann hjelpa han til aa verta dess fyrr avsett. Den einaste Maaten, han utan Skade kunde bruka det absolute Veto paa, var, naar han tydeleg og utan Krangel etter Grunnloven hadde det, men leet vera aa bruka det! So stor Hjelp er der i dette gilde kongelege Prærogativ, som den statskloke norske Regjeringi hev sett Landet paa Ende for aa vinna.
           
Og so snakkar Høgrebladi um, at det er for aa styrkja Kongemagti, at denne Striden hev vortet reist! Dei vilde gjera likso klokt i aa segja Sanningi.
           
Og den hev dei i Grunnen alt sagt oss. Mot sin Vilje, men tydelegt nok! Og Sanningi er denne:
           
Høgre og Regjeringi hev bygt paa, at Kongemagti stod trygg i alle Tilfelle, fordi ho hadde eit annat og større Land bak seg. Men denne grunntrygge, av Sverigs Overmagt garanterade Kongemagt vilde so Høgre bruka i sin Partistrid. Dette kunde ikkje Høgre gjera med full Kraft, utan naar Kongemagti hadde absolut Veto. Men daa kunde dei vera trygge. Daa kunde Folket segja og gjera kva det vilde, og senda kor gode Menn, det vilde, til Things, ja hava so stor og god Rett det vilde; det nyttad ingenting. Um Høgre laag aldri so jammerleg under i Ordskifte og Avrøysting, so hadde det Kongemagti bak, som sagde sitt Nei! og naar den hadde sagt Nei, so stod Folket der, og Høgre hadde vunnet. Paa den Maaten vilde Høgre kunna halda seg uppe til æveleg Tid, og raada yver Land og Rike trass i Folket; for Kongemagti stod rotfast og trygg i Sverig, og Høgre raadde yver Kongemagti.
           
Dette er nok Grunnen til at Vetostriden vart reist; det hev Høgrebladi i Grunnen sjølv fortalt oss, som sagt. Me hugsar alle desse Trugsmaal um, at dersom Folket ikkje gav etter, so maatte det hugsa, at Kongemagti var ei Magt; og Kongemagti var ei Magt, fordi ho hadde Sverig bak seg, dette Sverig, som var so kongekjært, at det aldri vilde uppgjeva Kongedømet. -
           
Høgre trudde, at det reknad godt. Men Høgre reknad daarlegt. So daarlegt, og ut ifraa ein so skral Tenkjemaate, at alle gode Magter vil gledast, naar det ein Dag taper med Glans.