[Notisar]

Kristiania, den 4de Mai.
             
Stortingethev gjort fraa seg Bevilgningarne til: Universitetet Skular for abnorme (slike som vantar noko paa Vit elder Sansar) til Poststellet (det vilde ikkje gjeva Selmers Styre eit nyt Embætte i Post-Departementet) til Utskiftningsstellet, til Skulestellet o. m. Den raude Traaden, som gjeng gjenom heile Bevilgningsarbeidet, er: Selmer fær ikkje meir aa stulla med en det som nett er naudsynlegt.
           
Odelstinget hev vedtekje Logji mot Bakar-Arbeid heile Natti, og um Skatt, som reisande Kræmarar skulde betala, men Lagtinget hev sagt nei til baae. Some andre Smaalogjer er vedtekne av baade Tingi.
 
           
Foreningen for norske Dialekter og Folketraditioner hev Aarsmøte paa Universitetet Laurdagen den 13de Mai Kl. 6.
 
           
Skrubben ser det ut til vil koma att. I Vinter hev dei set han ved Røros, i Hol i Hallingdal og i Vinje i Telemarki.
 
 
Enkja etter Olaf Ryehev daae i Danmark, 65 Aar gamall.
 
           
I Irland vil det engelske Styre no fara meir varlegt fram. Fleire, som var sette fast, hev atter vorte frie, soleids Parnell og Dillon.