[Lære og Liv...]

Lære og Liv høver ikkje altid so godt ihop hjaa Høgreflokken helder. Sjaa her ei Lista, som viser det -:
           
Lære: Kongen og Thinget skal hava jamstor Magt. Liv: Kongen skal hava abs. Veto i Grunnlovsaker, i Bevilgningssaker, ja kanskje i alle dei Saker, som ikkje er serskilt undantekne i § 82 (sjaa Budstikka!), - - og kor vert det so av Jamvigti?
           
Lære: Me vil hava Grunnloven som han er; me vil ikkje vita av Forandringar. Liv: Slikt eit Hastverksjask som denne Grunnloven kunde hava godt av ei Umstøyping, og til aa byrja med so vil me no forandra 25 Paragrafar av han.
           
Lære: Det er meiningslaust, at dei, som skal styrast, sjølve fær velja sine Styrarar (meinte Grosserar Gulbranson.) Liv: Novemberlaget, som no og skal styrast, valde same Grosseraren til sin Styrar.
           
Lære: Fleirtalet maa ikkje styra. Liv: Dei strævar av all Magt paa aa faa Fleirtal.
 
- Og um dei no fekk det! Vilde dei daa vera so rædde Talmajestæten tru? Aa nei. Dei vilde væl segja som Peer Gynt: Kom senerehen til andre Resultater.