[Det gamle Rom...]

Det gamle Romvara i Fyrstningi berre ein liten Filleby, som ingjen brydde seg um. Men so fekk han Magt yver Sabinarfolket, og so yver Latium, og so yver Etruskarne, og tilslut var han Basen i heile Italia.
           
Det gamle Drammen er enno ein Filleby, som ingen bryr seg um. Men no ser det ut til, at han lyfter paa seg og vil til aa slaa seg ut. Daa Drammenspatriciatet i Lag med ein Flokk Skulegutar hadde vunnet sin store politiske Siger yver Erik Vullum med Laatepipur og Skraal, tok dei til aa kjenna seg sterke. Og so drog dei, 40 Mann sterke, til Kongsberg for aa vinna der, og denne Gongen vilde dei endaa vaaga seg til aa vinna utanLaatepipur. Og dei vart vel mottekne av det Kongsbergske Patriciat, som kjende seg veikt mot den framtrengjande Erik Vullum, og daa dei drog fraa Kongsberg att, fekk dei Takk og Leverop av det takksame Kongsberg, som no kjende seg frelst, og som heretter utan Tvil skal vera som eit Slags municipiumunder Drammen.
           
Og slik vil væl Drammensmennerne halda paa, no, daa dei eingong hev fengjet Blod paa Tonn, til dess dei eingong vert nokot stort. Hev dei vunnet Kongsberg, so vinn dei altid Hønefoss, og so vinn dei Holmestrand, og so Horten, og tilslutt vil Drammen vera . . . aa nei. Nokot Romvert Drammen aldri.