[Det bør segjast...]

Det bør segjast, at Statsraad Hertzberg hev voret ein rimeleg Mann i Bibelsaki, og han bør difor hava Takk.
           
Var Norig styrt paa Folkevis, so skulde det vera naturlegt, at Regjeringi sjølv gjorde Tiltaket i desse nasjonale Saker, sette Norskdomsspursmaalet paa sitt Program og gjenomførde det slik, at Soga sidan kunde segja: Under dette Styret, under denne Ministeren, vart Storverket gjort. For Norskdomstanken er no so mogjen, og hev fest so vidt Fot baad i By og Bygd, at eit nasjonalt Styre trygt kunne gaa i Veg med dei Umbøterne, som trengdest til aa faa Fart i det nasjonale Arbeidet. Men so mykje skal me ikkje venta av vaart norske Styre. Me kjenner det altfor godt til det. Det einaste, me ventar av Selmers Styre, naar der er Tale um Reformer, og serlig naar Talen er um nasjonale Reformer, det er Motstand og Krangel. Me er so vane med det, at naar det eingong hender, at Selmers Regjering ikkje gjer Mostand, so vert me reint forundrad. Me trur liksom ikkje, det kann hanga rett ihop. Er Regjeringi fraa seg sjølv, elder er der nokot annat i Gjerdom, med di ho er so rimeleg?
 
Slik er det aa vera smaatt van. I andre Land krev dei, at Regjeringi skal gjera nokot til Gagns; her vert me reint handfallne av Gleda og Forundring, naar me ser, at ho iallfall læt vera aa gjera Ugagn!
           
Nils Hertzberg skulde no just voret Mannen til aa gjenomført Maalsaki, naar alt hadde voret som det skulde. Han byrjad som Maalmann og Folkeven, og endaa som Seminarlærar for han rundt i Landet og heldt friske Talar og var Dus med alle dei Skulemeistrarne, som til var. No er han Kyrkje- og Skuleminister; no hadde Tidi voret komi for han til aa verksetja dei Tankarne, han glødde for i sin Ungdom. Men Nils Hertzberg var av dei, som vert so fælt kloke med Aari. Daa han kom so langt, at han kunde havt Magti til aa gjenomføra sine Ungdoms Tankar, - brydde han seg ikkje større um. Storthinget maatte drivahan til aa gjera litt Greida i Skulemaal-Spursmaalet; Nils Hertzberg hadde hellest rolegt funnet seg i, at Skulen hadde vortet ei rein Avnorsknings-Innretning i det norske Folket.
 
Men no kann det sjaa ut til, at han liksom hev livnat litt i att, so han ikkje lenger so reint gløymer sin Ungdoms Kjærleik. I Bibel-Saki hev han som sagt voret so rimeleg, at han fortener Takk for det, og han hev vel altso ikkje havt nokot serlegt imot dette Tiltaket. Me bør vona, at Hertzberg tvertimot all Skikk meir og meir vil yngjast upp att no som Ministar, so at han kann halda paa med aa arbeida saman med Thinget i dei nasjonale Spursmaal, - um me enn daa tvilar um, at han vert gamall i det Selmerske Ministerium.