Vangilja etter Lukas.

[Del 6 av 6. Første delen]
 
Tionde Hovudstykkjet.
 
(1) Deretter utvalde Herren sjautti andre og sende deim ut fyre seg tvo og tvo til kvar By og Bygd, dit han sjølv vilde koma. (2) Og han sagde til deim: Skurden er stor, men Onnefolki era faae; bede difyr Skurdens Herre, at han sender ut Onnefolk til Skurden sin! (3) Gange burt! Sjaa, eg sender dykk som Lomb inn imillom Ulvar. (4) Bere ikkje Pengepung, ikkje Skreppa, ikkje Skor, og helse ikkje til nokon paa Vegen! (5) Men kvat Hus de koma inn i, so segje fyst: Fred med dette Hus! (6) Og er det nokon Fredsens Son der, so skal Freden dykkar kvila yver honom; men er det ikkje, so skal den koma att paa dykk. (7) Men drygje i det Huset og ete og drikke kvat de hava, for ein Arbeidsmann er verd si Løn; flytje ikkje or Hus til Hus. (8) Og kvat By de koma inn i, og dei taka imot dykk, ete det, som dei setja fram fyr dykk! (9) Og heilbrigde dei Sjuke, som era der, og segje til deim: Guds Rikje er komet nær til dykk. (10) Men kvar By de koma inn i, og dei ikkje taka imot dykk, gange daa ut paa Gata deira og segje: (11) Me rista av oss enndaa den Dusti, som heng ved oss av Byen dykkar; men de skal daa vita, at Guds Rikje heve voret nær hjaa dykk. (12) Men eg segjer dykk: Det skal ganga Sodoma likare paa denna Dagen enn den Staden. (13) Usæl er du, Korasin: Usæl er du, Betsaida! for vøre dei Kraftgjerningar gjorde i Tyrus og Sidon, som era gjorde i dykk, so hadde dei for lengje sidan setet i Sokk og Oska og hugvendt seg. (14) Det skal endaa ganga Tyrus og Sidon likare paa denna Dag enn dykk. (15) Og du, Kapernauam, som heve voret upphøgd alt til Himels, du skal verta støytt ned alt til Daudeheimen. (16) Den, som høyrer dykk, han høyrer meg; og den, som mismæter dykk, han mismæter meg; og den, som mismæter dykk, han mismæter den, som sende meg. (17) Men dei sjautti komo tilbaka med Gleda og sagde: Herre, ogso dei ureine Andarne lydde oss i dit Namn. (18) Men han sagde til deim: Eg saag Satanas falla ned som ein Ljunvarme ifraa Himeln. (19) Sjaa, eg gjev dykk Magt til aa troda paa Ormar og Skorpionar og yver al Fiendens Kraft; og dei skal ikkje skada dykk. (20) Glede dykk likevel ikkje avdi, at Andarne lyda dykk, men glede dykk, avdi at Nomni dykkar era skrivne upp i Himeln. (21) I denne sama Timen gledde Jesus seg i Andi og sagde: Eg lovar deg, Fader, Herre yver Himeln og Jordi, avdi du heve løynt dette for dei vise og kloke og kunngjort det for dei einfalde; ja Fader, for soleis heve det voret tekkjelegt for deg. (22) Alt er yvergjevet meg av Fader min, og ingjen kjenner, kven Sonen er, utan Faderen, og kven Faderen er, utan Sonen, og den, som Sonen vil kunngjera det. (23) Og han vende seg til Læresveinom sinom serskilt: Sæle era dei Augo, som sjaa det, de sjaa. (24) For eg segjer dykk, at mange Spaamennar og Kongar vilde sjaa det, de sjaa, og fingo ikkje sjaa det, og høyra det, de høyra, og fingo ikkje høyra det. (25) Og sjaa, ein Logkunnig reis upp og freistade honom og sagde: Meistar, kvat skal eg gjera, at eg maa faa det ævelege Livet? (26) Men han sagde til honom: Kvat er skrivet i Logi? koss les du? (27) Men han svarade og sagde til honom: Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt Hjarta, av all di Sjæl, av all din Styrkje og av all din Hug, og Næsten din som deg sjølv. (28) Men han sagde til honom: du svarade rett; gjer detta, so skal du liva. (29) Men han vilde gjera seg sjølv rettvis og sagde til Jesus: Kven er daa Næsten min? (30) Men Jesus tok til Ords og sagde: Ein Mann for ned ifraa Jerusalem til Jeriko og fall imillom Røvarar; og dei rivo Klæde av honom, slogo honom, gingo burt og leto honom liggja halvdaaen. (31) Daa hende det seg, at ein Prest for ned den sama Vegen og, daa han saag honom, gjekk han framum honom. (32) Likaeins gjekk og ein Levit til den same Staden og saag honom, men gjekk framum honom. (33) Men ein Samaritan, som for Vegen fram, gjekk til honom; og daa han saag honom, ynktest han yver honom. (34) Og han kom til honom, fetlade Saari hans, rende Ylja og Vin i deim, sette honom upp paa sin eigjen Øyk, førde honom til eitt Herbyrgje og hadde Umsut fyr honom. (35) Og Dagen etter, daa han for burt, tok han fram tvo Penningar, gav deim til Verten og sagde: Hav Umsut fyr honom! Og maa du leggja ut meir, so skal eg bitala det, naar eg kjem att. (36) Kven av desse tri, tykkjer du, var Næsten til honom, som var fallen imillom Røvarar? (37) Men han sagde: Han, som gjorde Miskunn imot honom. Difyr sagde Jesus til honom: Gakk du og gjer likaeins!
           
(38) Men det hende, daa dei fore fram, daa gjekk han inn i ein By. Men der var ein Kvende, som heitte Martha, som tok imot honom i sitt Hus. (3) Men ho hadde ei Syster, som heitte Maria, og ho sette seg ned ved Jesu Føter og høyrde paa Tala hans. (40) Men Marta fekk Annsemd med aa stella til og gjekk fram til honom og sagde til honom: Herre, bryr du deg ikkje um, at Syster mi lot meg gjera Tenesta aaleina? Seg til henne, at ho hjelper meg!
           
(41) Men Jesus svarade og sagde til henne: Marta, Marta, du heve Umhug og Sut fyr mange Ting! (42) Men eitt er naudsynlegt; Maria heve valt ut den gode Luten, som ikkje skal verta tekjen ifraa henne.
 
Ellevte Hovudstykkjet.
           
(1) Og det hende, daa han var paa ein Stad og bad, at ein av Læresveinom hans sagde til honom, daa han heldt upp med det: Herre, lær oss aa beda, liksom Johannes lærde sine Læresveinar. (2) Men han sagde til deim: Naar de beda, daa segje: Fader vaar i Himlom! Heilagt verte Namnet dit! Kome RIkjet dit! Verte din Vilje, som i Himelen so og paa Jordi! (3) Vaart daglege Braud gjev oss kvar Dag! (4) Og tilgjev oss vaara Synder; for ogso me tilgjeva vaare Skuldmenn! Og leid oss ikkje inn i Freisting; men frelsa oss ifraa det vonde! (5) Og han sagde til deim: Kven av dykk heve ein Ven og gjeng til honom midt paa Naatti og segjer til honom: Kjære, laana meg try Braud, (6) for Ven min er komen til meg utav Reisa, og eg heve ikkje nokot aa setja fram aat honom, (7) og han, som er innanfyr, svarar og segjer: gjer meg ingi Møda! Dyri er alt stengd, og Borni mine er gjengne i Seng med meg; eg kann ikkje standa upp og gjeva deg det? (8) Eg segjer dykk: Um han ikkje stend upp og gjev honom, for han er Vennen hans, so stend han upp og gjev honom det han treng for hans Paagangs Skuld. (9) Og eg segjer dykk: Bede, so skule de faa; leite, so skula de finn; og banke paa, vert det latet upp aat dykk! (10) For den, som bed, han fær; og den, som leitar, han finn; og for den, som bankar paa, vert det latet upp. (11) Men imillom dykk um ein Son bed Fader sin um eit Braud, tru han gjev honom ein Stein? og um han bed honom um ein Fisk, tru han gjev honom ein Orm istadenfor Fisken? (12) Elder og um han bed um eit Egg, tru, han gjev honom ein Skorpion? (13) Naar soleis de, som era vonde, vita aa gjeva Bornom dykkar goda Gaavor, skulde daa ikkje mykje helder Faderen, som er av Himelen, gjeva den heilage Ande aat deim, som beda honom? (14) Og han dreiv ut ein vond Ande, og han var maallaus; men det hende, daa den vonde Ande var faren ut, daa talade den maallause, og Folket undradest. (15) Men sume av deim sagde: Ved Beelsebul, som er dei vonde Andars Hovudmann, driv han ut vonde Andar. (16) Men andre freistade honom og bad honom um ei Teikn ifraa Himelen. (17) Men daa han visste Tankarne deira, sagde han til deim: Kvart Rikje, som er usams med seg sjølv, vert øydt og Hus dett ned paa Hus. (18) Men um Satan er usams med seg sjølv, koss kann daa Rikjet hans verta varugt? For de segja, at eg driv ut vonde Andar ved Beelsebul. (19) Men um eg driv ut dei vonde Andarne ved Beelsebul, kvenn driv daa Sønerne dykkar deim ut ved? difyre skal dei vera Domararne dykkar. (20) Men um eg driv ut dei vonde Andarne med Guds Finger, so er Guds Rikje komet til dykk. (21) Men naar den sterke med Vaapn vêr Garden sin, so vert det, som han heve, i Fred. (22) Men naar den kjem, som er sterkare enn han, og vinn yver honom, so tek han burt heile Herbunaden hans, som han leit paa, og de skifter Herfanget hans. (23) Den, som ikkje er med meg, han er mot meg, og den, som ikkje dreg saman med meg, han spreider (24) Naar den ureine Anden hev faret ut or Menneskja, so gjeng han igjønom vasslause Stader og leiter etter Kvild; og naar han ikkje finn
henne, so segjer han: Eg vil ganga til Huset mit att, som eg foor ut or. (25) Og naar han kjem, finn han det sopat og fjelgat (26) daa gjeng han og tek med seg sjau andre Andar, verre enn han sjølv, og dei ganga inn og bu der; og det siste vert verre for detta Mennet enn det fyrste. (27) Men det hende, daa han sagde dette, daa hov eit Kvende utor Flokken upp Røysti og sagde til honom: Sælt er det Moderlivet, som bar deg, og det Brjostet, som du saug! (28) Men han sagde: Sæle era dei, som høyra Guds Ord og gøyma det! (29) Men daa mykje Folk samlade seg, byrjade han aa segja: denne vonde Ætti krev Teikn, og ho skal ikkje faa onnor Teikn, enn Teikni til Spaamannen Jonas. (30) For liksom Jonas vart ei Teikn fyr Ninivefolket, so skal Menneskjesonen vera fyr denne Ætti. (31) Dronningi or Sørlandom skal risa upp i Domen med denne Ætti og fordøma henne; for ho kom ifraa Heimsens Endar for aa høyra Salomons Visdom, og sjaa, her er meir enn Salomon! (32) Folket i Ninive skal risa upp i Domen med denne Ætti og fordøma henne, for dei hugvendest etter Preika til Jonas, og sjaa, her er meir enn Jonas. (33) Men ingjen tender eit Ljos og set det i ei Kraa elder under Skjeppa, men paa Ljosstaken, at dei, som koma inn, kann sjaa Skinet. (34) Augat er Likamsens Ljos; naar difyr Augat dit er friskt, er og heile Likamen ljos; men er det sjukt, er ogso Likamen din myrk. (35) Sjaa soleis til, at Ljoset i deg ikkje vert Myrker. (36) Um heile Likamen din er ljos, so at ingjen Lut av det er myrk, so vert det heile ljost, liksom naar Ljoset med eit klaart Skin lyser paa deg. (37) Men med han talade, bad ein Farisæar honom, at han skulde eta hjaa honom; men han gjekk og sette seg til Bords. (38) Men daa Farisæaren saag det, undradest han paa, at han ikkje tvo seg, fyrr han aat. (39) Men Herren sagde til honom: De Farisæarar tvaa Skaaler og Fat utanpaa; men det, som er inni dykk er fullt av Ran og Vondskap. (40) De Daarar! Heve ikkje den, som gjorde det, som er utanpaa, ogso gjort det, som er inni? (41) Gjeve daa til Gaava det, som er inni, sjaa, daa era alle Ting reine for dykk! (42) Men usæle era de Farisæarar, at de gjeva Tiend av Mynta og Ruta og alt Slag Kaalgras, men setja til Sida Rett og Guds Kjærleik; det eine bør ein gjera, og det andre bør ein ikkje forsøma. (43) Usæle era de, Farisæarar! at de lika dei fremste Stolarne i Stemnestovom og vilja verta helsade paa Torgom. (44) Usæle era de skriftlærde og Farisæarar, Skrymtarar, av, at de era likasom dei Graver som ikkje synast, og Folki, som ganga yver deim, vita det ikkje. (45) Men ein av dei Logkunnuge svarade og sagde til honom: Meistar, naar du segjer detta, sneider du oss. (46) Men han sagde: Usæle era og de Logkunnuge, for de tyngja Folk med Byrdar, som er tunga aa bera, og sjølve røra de deim ikkje med ein av Fingrom dykkar. (47) Usæle era de, at de byggja Gravstader til Profetom, men Federne dykkar slogo deim i Hel. (48) de vitna og samtykkja i det, som Federne dykkar hava gjort; for dei slogo deim i Hel, men de byggja Gravstaderna deira. (49) difyre sagde og Guds Visdom: Eg vil senda Spaamenn og Apostlar til deim; og dei skal slaa sume av deim ihel og elta deim. (50) For at det skal verta kravt av denne Ætti alt Blod av Profetom, som er helet ut ifraa Heimsens Grunnleggjing (51) ifraa Abels Blod til Blodet hans Sakarias, som vart drepen imillom Altaren og Gudshuset; ja, eg segjer, det skal verta kravt av denne Ætti. (52) Usæle era de, Logkunnuge, at de heve teket Kunnskapsens Lyklar; sjølve gingo de ikkje inn, og de meinkade andre aa koma inn. (53) Men daa han sagde dette, byrjade dei Skriftlærde og Farisæarne aa trengja hardt inn paa honom og lokka Ordi or Munnen hans um mange Ting. (54) Og dei lurde paa honom og freistade, um dei kunde lokka nokot utor Munnen hans, for at dei kunde klaga paa honom.