Bibelumskrifti.

Herr Bladstyrar! Eg vart reint glad, daa eg saag i Fedraheimen, at ein hadde teket til aa umsetja nokot av Nytestamentet. Eg las det igjønom alt saman og syntist svært godt um umsetjingi; men det var ein ting, eg ikkje likad, og det var, at umsetjaren hev umsett ordet evangelium med vangilja. Kvifor kunne han inkji ha umsett det med glædeordet, so som Høyem hev gjort, nær han skulde gjera ei umbrøyting? Glædeordet synst eg er eit so godt ord, at det er vondt um aa finna nokot betre. Eg var umsetjaren mykji takk skuldig for ei liti utgreiding um dette.
           
Slidre 10-4-1881.
Med vyrdnad.
Olav Semeleng.