[Notisar]

Kristiania, den 28de April
           
Taakelurenelder den brutale Næverett Høgres 4de Aandsmagt var ute i Drammen no i Vika. Høgre derburte vilde visa, at dei hev Intelligens i Drammen med, og so peip dei og heldt eit Leven, so det kunde ikkje voret gjort betre av Gategutar.
           
Dei er ikkje rædde for aa skjemma seg ut, desse Folk!
           
Det ma vera Meiningi, at dei vil yladet absolute Veto inn i vaart Riksliv. Di hev prøvt med alle andre Raader fyrst, med fortolkande Statsraadar og Thingprofessorar, med det juridiske Fakultet, med umreisande Agitatorar, med Emil Lie; men det hev ikkje nyttat. Og so tek dei til Taakeluren.
           
Ja ja! Kva skal dei væl gjera -?
 
 
Vonlaust.
 
Fædrl. hev ikkje Von um, at Høgre skal kunna vinna ved dei komande Vali. Det trur no ikkje me helder daa. Men Fædrl. meiner, at alt um Høgreflokken vert i Faatal, so vil det likevel vera godt, at det Faatalet vert so stort som mogeleg.
           
- Dei talar so dygdefulle Ord mot Talmajestæten. Men naar det kjem til Stykket, vil dei gjerna hava alt det Talet, dei kann faa, dei og. Me er alle Syndarar.
           
Til Vinstremennerne vil me segja, at dei like eins bør møta upp alle Mann. Er det enn visst, at me vinn, - so vil det likevel vera vigtigt, at me vinn med so stort Fleirtal som mogeleg!
 
           
Eit Vinstreministerium kann me ikkje faa, segjer Fædrel., so lengje her er slik Strid um Magtfordelingi. Men naar den Striden er utjamnad, og Kongemagti hev fengje det ho vil i den Vegen, so skal me nok sjaa her vert Raad til Ministerier af Oppositionen!
           
Aa jasomen.
           
Det er som Ein vilde segja til ein Mann: Kom no og lat meg faa binda deg godt fast fyrst, so kann du sidan faa gaa kva Veg du vil. Du skal faa vera fri, so snart eg hev bundet deg!
           
Hev Kongemagti absolut Veto, Bevilgningsveto og alt dette andre, som ho fører Strid um, - so kann ho visstgjerna taka Riksraadar av den Opposisjonen, Landet daavil faa.
           
- Nei, du er ikkje heldig, Fædreland, naar du prøve aa vera fin i Politikken!
 
 
Visdomsord or Høgreblad. Som Regel vil det i et frit Land være rimeligt, at Styrelsen handler efter Nasjonalforsamlingens Ønske, segjer Budstikka.
           
Det er intet sundt Forhold, at Regjeringen stadig tages af et og samme Parti, segjer Fædrelandet.
           
- Aa, so sannt, so sannt! Berre dei vilde liva etter det!
 
           
Daa dei hadde ylt fraa seg  i Drammen, var det ein Mann som steig fram og ropad: Leve denne Aand i Drammen!
           
Etter alt det, me hev høyrt um Drammen, so maa me segja me trur, at skal slik Uaand kunna liva nokon Stad, so maa det vera i Drammen.
           
- Det var Erik Vullum, dei ylte aat denne Gongen. Han forklarad for dei, at der no ikkje var nokon Grunn til Strid millom By og Land, og at Byarne ikkje hadde nokon Grunn til aa vera so glade i Ministeriet Selmer.
           
Paa Hotel Kong Karl, der Vullum budde, var det ein Mann, som var so fin, at han ikkje vilde bu i Hotel saman med slik ein Pøbel. Dei segjer Mannen heitte Ritmeister Vilh. Melhus. Men me trur helder det hev voret gamle Christopher Eisenfresser.
 
           
Norsk er no offisielt Skulemaal i Kvitseid og Laardal (Telemarki). Ved Skulekommissjons-Avgjerd er Austlids Abc-Bok innførd fast i Skulen som Lesebok for dei minste Borni.
 
           
Stortinget heve vedteket, at Grunnlogi § 53 a (Stemmeret tabes ved at have været dømt til Strafarbeide eller Afsættelse eller let Fængsel for en Forbrydelse, som omhandles i noget af Straffelovens Kapitler om Mened, Tyveri, Røveri eller Bedrageri) ikkje skal gjelda for deim, som er dømde til Fengsel fyr 1877, daa dei fekk istand eit sovoret Brigde i Grunnlogi.       
           
Av Pengarne til Orlogsfloten hev dei stroket upp imot 700,000 Krunor.
           
Eit Grunnlogsforslag um at Bustadsbandet inkje skulde binda Menn, som hadde voret Statsraadar elder Stortingsmenn, soleids at ein Valkrins skulde hava Rett til aa velja ein, men ogso berre ein sovoren Mann til Tings, med han elles maa halda seg til dei, som budde i Krinsen, fekk berre 4 Røyster for seg (Aschehoug, Livius Smitt, Konow og Krogh) og 106 mot seg.
 
 
Jaabæk hev sett fram Forslag um, at Stortinget ikkje skal gjeva noko til kgl. Kommissionar.
           
 
I Kristiania Arbeidersamfund valde dei um Sundagen Sendelag til Arbeidarmøtet i Trondheim. Paa Vinstresida var det kringum 180 som røystad, paa høgre 50. Den 21 Mai skal det vera Val paa det halve Styre, 6 Mann. Baade Partar steller seg i Stand til Basketaket.
 
 
12 September skal det haldast Val paa Mørerne, Hordaland og i Lister og Mandal.
           
 
Baltasar Christensen gamall dansk frilynd Politiker er daaen, 80 Aar gamall.
           
 
Charles Darwin, den vidgjetne engelske Naturforskaren er daaen. Han var 73 Aar gamall.